Du kan bli tilvist til eit nasjonalt pasientforløp når du har eitt eller fleire teikn på alvorlege psykiske lidingar. Ved behov for akutt hjelp skal du tilvisast direkte til akuttilbod i psykisk helsevern.
Ved mistanke om psykose skal du tilvisast til pasientforløp for psykoselidingar. Ved mistanke om tvangsliding (OCD), kan du tilvisast til pasientforløp for tvangsliding (OCD). Tilvisinga blir vurdert og du vert eventuelt tilvist vidare til næraste OCD-team.
I kartlegginga må den som tilviser deg til oss, så langt som mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i beslutninga, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.
Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga blir gjort ut i frå informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsføreskrifta og prioriteringsrettleiarane. Sjå Aktuell informasjon om lov og forskrift for prioriteringsveilederne.
Dersom vi vurderer at din tilstand ikkje gir rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, avsluttar vi pasientforløpet.