Å leve med stomi
Her kan du finne informasjon om utstyr, stell, råd og utfordringar.
Nokre menneske har sjukdommar eller misdanningar som fører til forstyrringar i mage-tarmfunksjonen. Blant dei vanlegaste årsakene finn vi kreft, tarmskade og kroniske tarmbetennelsar som ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom.
Her kan du finne informasjon om utstyr, stell, råd og utfordringar.
Når ein stomi blir anlagt, blir tarmen operert fram til overflata til huda. Avføringa tømmer seg gjennom stomien i staden for gjennom endetarmsopninga. Ein stomi er ikkje omgitt av lukkemuskel slik som endetarmen, tarmtømminga kan difor ikkje kontrollerast. Det er tarmbevegelsane som bestemmer når avføringa kjem ut gjennom ein stomi.
Konsistensen til avføringa avheng av kvar langt ned på tarmen stomien er plassert. I tynntarmen er innhaldet flytande, og slik vil òg avføringa frå ein ileostomi vere. Tjukktarmen sin viktigaste funksjon er å suga opp væske frå tarminnhaldet. Til lenger ned mot endetarmen stomien er plassert, til fastare blir avføringa.
Ein mellombels stomi blir anlagd når det er nødvendig å avlaste delar av tarmen for ein periode. Då vil det som regel vere to stomiopningar rett ved sida av kvarandre. Avføringa kjem ut i den eine opninga. Den andre opninga (blindstomi) fører ned til den delen av tarmen som ikkje er i bruk. Frå blindstomien kjem det ofte litt slim.
Ein permanent stomi har berre ei opning der avføringa kjem ut. Tarmen som er nedanfor stomien, blir lukka i øvre ende. Slim frå den delen av tarmen som ikkje er i bruk kjem ut gjennom endetarmsopninga.
Eindelt system betyr at stomiplata/festeplata, og posen er sveisa saman. Posen må tømmast eller blir skifta ved behov. Todelt system består av ein pose og ei plate. Plata blir festa på huda rundt stomien, og posen blir festa i plata.
Stomiposane kan vere tømbare eller ikkje tømbare. Dei kan vera gjennomsiktig eller farga. Alle posar har filter slik at tarmgassen kan sleppe ut medan lukta blir fjerna i filteret.
Stomisjukepleiar har kunnskap om forskjellig stomiutstyr og tilleggsprodukt, og vil i samarbeid med kvar enkelt pasient finne riktig utstyr. Ved kontrollar hos stomisjukepleiar vil stomiutstyret alltid vurderast og du vil få informasjon om nytt aktuelt utstyr.
Stomiutstyr, tilleggsprodukt og kompressar til stell av stomi får du på e-resept (blå resept).
Stomisjukepleiar lagar ei liste over utstyr før heimreise slik at det er enkelt å bestille hos apotek eller bandagist. Stomisjukepleiar kan anbefale ein bandagist/apotek i nærområdet ditt, eller finne ein bandagist som leverer utstyret heim. Vi anbefaler å bestille utstyr med ein gang du kjem heim frå sjukehuset då det kan ta noko tid å få utstyret levert. Vi anbefaler å bestille utstyr for berre ein månad ved første bestilling då det kan vere nødvendig å justere stomiutstyret. Du vil få med tilstrekkeleg stomiutstyr for dei første vekene heime.
Du får informasjon om kva operasjonen går ut på av kirurg, anten på sengepost, pre-poliklinikk eller poliklinikken.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Stomi betyr opning eller munn. Når ein stomi blir anlagt, blir tarmen operert fram til overflata til huda.
Ein stomi kan anleggast ulike stader på tarmen og får nemning deretter. Ein stomi på tynntarmen (ileum) kallast ileostomi. Ein stomi på tjukktarm (kolon) kallast kolostomi.
Det er vanleg å reise heim frå sjukehuset etter 3-7 dagar etter operasjon. Du kan ikkje køyre bil heim sjølv. Prøv å planlegge transporten heim på førehand slik at nokon kan hente deg når du blir skriven ut.
3-4 veker etter operasjon skal du til kontroll hos kirurg ved kirurgisk poliklinikk. Ved nokre sjukehus vil du få time hos stomisjukepleiar same tid.
Etter operasjonen er det festa ein stomipose over stomien. Når det kjem luft og avføring i stomiposen er det teikn på at tarmen er komen i gang etter operasjonen. Vanlegvis kjem tarmen i gang 1-3 døgn etter operasjonen. Den første tida etter operasjonen er stomien ofte hoven, hevinga går ned etter ca. 4 veker. Fargen på stomien avheng av blodtilførsel og heving, og kan variere frå lys rosa til mørk raud.
Tarmslimhinna er ikkje smertesensitiv slik som huda, difor er stomistell berre ubehageleg når du er nyoperert. Stomislimhinnen blør lett ved berøring. Litt bløding under stomistellet er normalt, og ikkje farleg. Stomislimhinnen er festa i huda med sting. Desse stinga er sjølvoppløyslege og vil forsvinne etter 2-3 veker.
Første stomistell skjer vanlegvis 1-2 dagar etter operasjonen. Stomistell bør i utgangspunktet utførast på badet og ikkje i senga. Stomisjukepleiar eller sjukepleiar vil forklare og vise deg stomistell. Det blir forventa at du tidleg deltek i stell av stomien då dette vil hjelpe deg til å bli sjølvstendig. Etter første stomistell er det vanleg å skifte på stomien saman med stomisjukeplaiar/sjukepleiar dagleg. Under rettleiing tar du sjølv gradvis over.
Legg klart alt nødvendig stomiutstyr før stell
Utstyr:
Den gamle plata/posen blir fjerna forsiktig. Trekk forsiktig i plata samtidig som du trykker mot huda med fuktig kompress, eller bruk klebefjernar under stomiplata.
Huda kan vere litt raud like etter stomiplata er fjerna. Denne rødmen forsvinn som regel når huda har lufta seg ei stund. Kraftig raudfarge og irritasjon skuldast oftast lekkasje under stomiplata. Stomisjukeplaiar eller sjukepleiar kan gi råd for å igjen få heil og frisk hud.
Bruk mjuke kompressar og vask med lunka vatn frå springen. Små restar frå den gamle plata kan sitje igjen på huda, dette hindrar vanlegvis ikkje at den nye plata festar seg. Unngå å gni eller “skrubbe” huda. Ved bruk av klebefjerner, vask huda godt med fuktige kompressar. Etter vask, skal du tørke huda forsiktig med mjuke kompressar.
Holet i stomiplata skal passa rundt stomien. Hud rundt stomien skal dekkast av plate eller tetningsring slik at huda ikkje blir skadd av tarminnhald. For å få riktig form og storleik på holet i plata kan det vere lurt å lage ein mal. Om du har ein mellombels stomi, med to stomiopningar, er det er viktig at det er plass til blindstomien i holet som blir klipt til stomien. Ver obs på at stomien forandrar storleik den første tida.
Ved hudproblem kan du kontakte stomisjukepleiar for råd og behandling. Fleire ulike hudprodukt kan vere aktuelle. Det finst mange tiltak for å betre problem med sår hud eller lekkasje og du vil få individuelle råd.
Tetningsring kan brukast ved lekkasjeproblematikk. Det finst mange alternative tetningsringar, formbare og stabile. Ein tetningsring blir lagt tett inntil stomien og vil suge opp fukt frå hud og stomi, og kan hindre lekkasje.
Tetningspasta kan brukast i staden for eller i tillegg til tetningsring. Pastaen blir fylt i ei 5 ml sprøyte. Pastaen blir så sprøyta rundt stomien eller rundt holet på baksida av plata/posen.
Pasta og ring vil absorbere avføring og hindre lekkasje under plata.
Når huda rundt stomien er rein og tørr kan posen festast på huda. Klipp passe stort hol i stomiplata. Holet skal vere 1-2 mm større i diameter enn sjølve stomien om du har ein colostomi. Ved ileostomi bør plata ligge tett inntil stomien, men pass på at ho ikkje gneg på stomien. Fjern vernfilmen frå plata, og fest plata frå undersida av stomien og oppover. Fest plata godt, spesielt innerst mot stomien. Du kan halde ei varm hand over stomiposen i eit par minutt for at plata skal feste godt.
Ein bør byta plate/pose kvar andre til tredje dag eller oftare. Mange vel dagleg skift, etter dusj. Viss du har ein ileostomi kan det vere ein fordel å stelle stomien før du et frukost då mat og drikke vil gjere stomien meir aktiv.
Desse kosthaldsråda kan hjelpe mot luftplager, diaré og ubehageleg lukt. Det er viktig at råda blir tilpassa individuelt og at du finn ut kva som passar best for deg. Om du tidlegare har reagert på matvarer, vil det truleg ikkje endre seg fordi du får stomi.
Ved utfordringar eller bekymring knytt til stomien bør du kontakte stomisjukepleiar eller fastlege.
Dersom du ikkje klarer å erstatte det du tapar på stomien og får symptom på dehydrering (tørste, kvalme, muskelkrampar) må du kontakte lege.
Du må følgje med på urinen din etter utskriving. Du må følgje med på fargen og mengde urin kvar dag. Om du får redusert allmenntilstand, er plaga med kvalme/oppkast, eller har sparsam mengde urin må du kontakte lege. Det kan vere lurt å drikke ein kopp med buljong kvar dag, særleg om det kjem mykje på stomien din og du får mørkare urin. Buljong inneheld salt og kan erstatte saltet du taper ved store mengder tynn avføring. Det kan òg vere lurt å salte maten ekstra.