I konsultasjonen vil du møte ein lege og få tid til å legge fram di sjukehistorie før ei grundig undersøking.
Gjennom samtale med deg, og ei undersøking, vil legespesialisten danne seg eit bilde av mogleg årsak og oppretthaldande faktorar knytt til smertene dine. Du får informasjon og råd om kva du bør gjere vidare.
For mange er den polikliniske konsultasjonen som er skildra over tilstrekkeleg både som utgreiing og råd om vidare behandling. Der det er aktuelt kan du få ei tverrfagleg vurdering og kortvarig oppfølging hos fysioterapeut i teamet.
Digital eigenregistrering
Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Etter innlogging kjem du direkte til spørsmåla som skal svarast på. Svara blir fortløpande lagra. Dersom du må avbryte, kan du fortsette besvarelsen seinare. Når du er ferdig, trykker du «levér».