Ulcerøs kolitt er kronisk betennelsessjukdom i tarmen med svingande forløp som ein har heile livet. Pasienten får ulike grader av betennelse i endetarm og tjukktarm. Nokon har sjukdom berre i endetarmen, andre i endetarm og deler av tjukktarmen og nokon har betennelse i endetarm og heile tjukktarmen.
Symptom og diagnose
Symptoma er i all hovudsak magesmerter og diaré som svært ofte er blodtilblanda. Dette varierer både med utbreiing og grad av betennelse. Ved kraftig betennelse kan ein kjenne seg sjuk og slapp og få feber, få aukande blod og slim i avføringa og gå ned i vekt.
Nokre pasientar har hatt plager i form av laus avføring i lang tid før dei kontaktar lege, medan andre får akutt innsetjande plager. Diagnosen blir stilt ved hjelp av koloskopi.
Behandling
Viss ein har Ulcerøs kolitt og symptom som diaré, magesmerter og vekttap er det i dei fleste tilfelle behov for behandling med medisinar. Behandlinga har som mål å slå ut betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglande effekt av medisinar eller ved sjukdomskomplikasjonar er kirurgisk behandling nødvendig.
Ulcerøs kolitt krev livslang oppfølging. Pasientar med ukomplisert sjukdom kan følgjast av primærhelsetenesta, men stadig tilbakefall med betennelse og komplikasjonar bør følgjast ved sjukehuset. Formålet med oppfølginga er å vurdere effekt av behandling og dessutan identifisere og behandle tilbakefall og komplikasjonar.