Ultralyd av hjernen hos for tidlig fødte barn
Undersøkinga gir detaljert informasjon om utsjånaden av hjernen, holromma i hjernen og blodårene. Hos for tidleg fødde barn er det spesielt blødingar og skadar i hjernevevet som kjem av dårleg blodforsyning vi ser etter med ultralyd. Dei fleste hjerneblødingane hos for tidleg fødde barn kjem dei tre første levedøgna.
Før
Undersøkelsen krev vanlegvis ingen spesielle førebuingar, anna enn at det er lurt at barnet er mett og fornøgd før undersøkinga for å kunna halda seg mest mogleg i ro.
Under
Barnet ligg i kuvøse, seng eller på brystet til foreldra under undersøkinga. Ultralyd blir utført ved at ein liten probe (lydhovud) blir halde over den mjuke delen av hovudet til barnet (fontanellen).
For å kunna lage bilete må det vera god kontakt mellom huda og proben. Derfor blir det alltid brukt ein kontaktgelé på huda. Den kan ofte kjennast litt kald med ein gong. Bilete blir registrert på ein skjerm som står ved sida av pasienten. Bileta blir deretter lagra digitalt. Opptaka blir analyserte og beskrivne av legen.
Undersøkinga er smertefri og tek vanlegvis 15 - 30 minutt.
Etter
Barnet blir ikkje påverka av undersøkinga, men dei aller minste barna kan trenge å kvile etterpå.
Når får vi resultatet?
Skriftleg svar blir sendt til tilvisande avdeling/lege som informerer dokker om svaret, som regel same dag eller dagen etter undersøkinga.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Nyfødt intensiv
Oppmøtestad
Nyfødt intensiv finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5