Klage og erstatning

Du har rett til å klage til helseføretaket og Fylkesmannen dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har motteke dei helse- eller omsorgstenestane du har krav på. Lova skal sikre at alle har tilgang på nødvendige helsetenester, og at disse er av forsvarleg kvalitet.

Retten til nødvendig helsehjelp er nedfelt i Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1b. I lova framgår også andre rettar, som til dømes retten til fornya vurdering (§ 2-3), rett til fritt behandlingsval (§2-4) og rett til dekning av utgifter til pasientreiser (§ 2-6) med meir. Du finn meir om Dine rettar her. Helseføretaket skal vurdere di klage, og sende den vidare til Fylkesmannen viss du ikkje får medhald her.


Dette elektroniske skjemaet er ei sikker løysing: Det vil seie at du også kan bruke skjemaet til å sende inn sensitive opplysningar, som helseopplysningar.

Utforming av klage til Helse Møre og Romsdal HF

Innhaldet i klagen
Klagen må innehalde namn og helst fødselsnummer på pasienten. Den må også innehalde informasjon om kva sjukehus klagen er retta mot, eventuelt avdeling viss ein hugsar det. Det bør også være informasjon om tidspunkt for hendelsen i tillegg til ei beskriving av hendinga eller hendingane som førte til klagen.

Klage på vegne av andre
Ved en klage knytt til rettar ein har som pasient må du ha fullmakt frå pasient/bruker, eller være verje for denne. Klage frå pårørande vil normalt bli behandla, men ver obs på at reglane om teieplikt kan hindra helseføretaket i å gje klagaren informasjon om pasientens behandling eller helseforhold viss det ikkje føreligg fullmakt.

Fyll ut Samtykkeerklæring/fullmakt

Innsending
Du kan sjølv velje korleis du vil sende klagen, men unngå å bruke e-post ettersom klagen sannsynligvis vil innehalde sensitive opplysningar og e-post ikkje er ei sikker løysing.  

Dette elektroniske skjemaet er ei sikker løysing: Det vil seie at du også kan bruke skjemaet til å sende inn sensitive opplysningar, som helseopplysningar. Fordi skjemaet er ei sikker løysning, må du logge inn via ID-porten, Min ID eller Bank på Mobil.

I skjemaet kan du laste opp samtykkeerklæring eller andre vedlegg, noko som kan vere aktuelt hvis du allereie har skrive klagen din i eit tekstdokument. Då lastar du berre opp dokumentet inne i skjemaet. 

Alternativt kan du sende eit tekstdokument eller ei handskriven klage til Helse Møre og Romsdal HF, Postboks 1600, 6026 Ålesund.

Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal kan hjelpe deg

Pasient- og brukerombodet i Møre og Romsdal kan hjelpe deg med å gjere ei vurdering av di sak og gje råd og rettleiing. Pasient- og brukerrettighetsloven Kapittel 8.

Psykisk helsevern

Du kan alltid klage på vedtak som handlar om tvungent psykisk helsevern. Både pasienten sjølv og næraste pårørande kan klage. Ei klage kan framsettast både skriftleg og munnleg, overfor den som har fatta vedtaket eller overfor anna helsepersonell ved institusjonen. Personale som motteke ei munnleg klage, skal hjelpe med å skrive ned og vidaresende klagen.

Meir om klage på tvungent psykisk helsevern

Fri rettshjelp
Pasienten har rett til bistand frå advokat eller annan fullmektig i samband med klage i visse tilfelle. Ved klager som gjeld etablering, oppretthalding eller opphøyr av ei tvangsinnlegging har pasienten krav på at det offentlige betaler for advokatutgifter. Det same gjelder ved klage på overføring til døgnopphald i institusjon, og for klage frå born over 12 år som ikkje sjølv er samde i ei innlegging. Ved klage på vedtak om tvungen behandling utan eige samtykke, for eksempel tvangsmedisinering eller tvungen ernæring, har pasienten rett på fri rettshjelp i inntil fem - 5 - timar knytt til klagen.

Klage til Fylkesmannen

Du kan også klage direkte til Fylkesmannen som tilsynsmyndighet, for eksempel for at helsepersonell gir utilstrekkelig eller gal informasjon, at helsepersonell bryt teieplikta, eller ulovlig bruk av tvang overfor pasientar. Retten til å klage er også forankra i Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-4. Fylkesmannen kan opprette ei tilsynssak mot sykehuset eller helsepersonell basert på det du skriv, og vurdere om du har blitt utsatt for et «pliktbrot».

Korleis klage på helse- og omsorgstenester til Fylkesmannen

Norsk Pasientskadeerstatning NPE

NPE er ein statleg etat underlagd Helse- og omsorgsdepartementet. Meiner du at du har fått eit økonomisk tap på grunn av ein skade som skuldast svikt ved behandling i helsetenesta? NPE behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ei skade etter behandlingssvikt i helsetenesta. Saksbehandlinga er gratis. Lenke til Norsk Pasientskadeerstatning NPE

 

Meir om retten til å klage finn du på Rett til å klage

Lenker til lover og forskrifter

Pasient- og brukerrettighetsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Spesialisthelsetjenesteloven
Helsepersonelloven
Psykisk helsevernloven
Forvaltningsloven
Prioriteringsforskriften

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.