We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Fagkurs

Praktisk kurs i formidling

Praktisk kurs i formidling er eit dagskurs for helsepersonell, både i kommune og spesialisthelsetenesta, som underviser pasientar/brukarar og pårørande eller underviser og informerer kollegaer. Brukarrepresentantar er også velkomne til å delta.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell

Spesialitet

Veiledning

Arrangør

Kvar

Det varierer ved kva Lærings- og meistringssenter i Helse Møre og Romsdal / Helse Midt-Norge kurset haldast.

Påmelding i Læringsportalen

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Kurset passar for deg som vil bli betre på å formidle. Hensikta er at du skal få vidareutvikle deg som undervisar og bli tryggare i ei formidlingsrolle. Her du får du praktisk trening i å presentere, tips og råd. 

Kurset passar for fagpersonar og helsepersonell og er relevant for alle som arbeidar utadretta mot pasientar, pårørande og andre fagpersonar, både i spesialisthelseteneste og kommunehelseteneste. 

OM KURSET

Kurset startar med ein teoridel. Hoveddelen av kurset består av dialogøving og det å sjølv halde ein presentasjon og sjå andre holde presentasjonar. Du får sjå seg sjølv filma på mobilkamera, samt få og gi tilbakemeldingar.
 
Vi legg vekt på å skape ei trygg ramme for å halde presentasjon. Det er maks 14 deltkarar på kurset og vi deler gruppa i to under presentajonane. Det blir lagt opp til ei spennande, uhøgtideleg, krevande og morsom læringsoppleving. Fokus i kurset er kommunikasjon i ei undervisningssituasjon og det er ikke lagt stor vekt på tekniske hjelpemidlar. ved behov kan du utvikle utvikle eigne kurs med tanke på digital informasjon dersom dette er av interesse. 
 
Kursleiar er Camilla Kleppe Eidså, regional ressurs for pasient- og pårørendeopplæring i Helse Midt-Norge (ROPP) i samarbeid med lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal.
 
«Dette var mye morsommere enn jeg trodde» (tidligere deltaker).

«Den praktiske delen var viktig for å bli mer kjent med seg selv og sin måte å presentere på, samt se andre i samme situasjon for å forstå forskjellen på oss fagpersoner» (tidligere deltaker på formidlingskurs ved UNN). 


Førebuingar

Du som deltakar må i forkant av kurset førebu ein kort presentasjon med sjølvalt tema og presentasjonsform. Temaet kan til dømes vere noko frå arbeidsstaden din,  om ein fritidsaktivitet eller ei brukarhistorie. Det kan gjerne vere relatert til opplæring av pasientar og pårørande eller kollegaer. Det er korleis du presenterer temaet som er hovedfokuset. Ved presentasjon deler vi gruppa i to. Meir informasjon om dette vil du få ved påmelding. 

PROGRAM

Døme på kursprogram:

Program praktisk kurs i formidling, Volda 2024

 

PÅMELDING

Påmelding til kurset skjer gjennom Læringsportalen 

Hugs å legge inn e-post adresse dersom du ikkje arbeider i Helseføretaket eller gi beskjed om særskilde hensyn. 
Kontakt rådgjevar Camilla Kleppe Eidså ved spørsmål.

KOSTNADAR OG LUNSJ

Kurset er gratis. Det vert servert kaffi, te og litt frukt. Deltakarar dekker sjølv lunsj (ta med matpakke eller kjøp i kantine).

GODKJENT SOM MERITTERANDE KURS

  • Kurset er godkjent av Norsk Fysioterapeutforbund med 6 timer. Kurset kan, sammen med mastergrad, benyttes i oppbygging av spesialistkompetanse og ved fornyelse av relevant spesialistgodkjenning.
  • Kurset er godkjent av Bioingeniørfaglig institutts spesialistgodkjenning for bioingeniører (NITO) med 8,5 timer/poeng. 
  • Kurset er godkjent av Norsk sykepleierforbund (NSF) med totalt 5 timer Dette kan brukes i henhold til kurstimekravet i NSFs godkjenningsordning klinisk spesialist i sykepleie/spesialsykepleie.

NYTTIGE NETTSIDER

Introduksjonskurs i helsepedagogikk i Helse Møre og Romsdal

For andre typar kurs eller informasjon trykk på boksa under om Lærings- og meistringssenteret.

Kontakt

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg