Betre samhandling med pakkeforløp
Les korleis behandlingstilbodet blir sydd saman for å gi deg eit heilskapeleg tilbod.
Poliklinisk behandling inneber utgreiing, vurdering og behandling av avhengigheit til rusmiddel, legemiddel og spel, utan innlegging. Her kan du få individuelle samtalar og gruppebehandling. Vi ønskjer at du som har behov for poliklinisk tilbod skal få dette så nær heimstaden din som mogleg, og i tett samarbeid med kommunen du bur i. Tilbodet er for alle over 18 år som har ein avhengigheit. Vi har også eige tilbud til pårørande.
Resepsjonen ved poliklinikken.
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27