We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Pasientkurs

Billedterapigruppe - Ålesund

For personar med psykiske problem som slit med å sette ord på vanskelege tankar og kjensler.

Tid og stad

Når

Gruppa er ei ”slow open” gruppe, det vil seie at ein tek inn nye medlemmar når nokon sluttar.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Gruppebehandlingsteamet

Kvar

Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk poliklinikk. Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.

Tilvising skal sendast elektronisk til Psykiatrisk poliklinikk, Ålesund sjukehus
Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta for tilvising.

Kvifor delta på kurs

Vi ynskjar at du skal få hjelp til å formidle tankar og kjensler gjennom å lage bilete og andre kreative uttrykksformer, og å bearbeide desse. Redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.

Bileta kan hjelpe ein til å nærme seg det som er vanskeleg å snakke om. Den kreative prosessen er heilande, styrker motet, gir glede og håp

Innhald

Deltakarane kan uttrykke seg gjennom teikning, maling og andre kreative uttrykksformar.


Billedterapi er basert på kunnskapen om at eitkvart menneske, uavhengig av om det kan å teikne, har ei latent evne til å la indre tankar, kjensler og eventuelle konfliktar få eit visuelt uttrykk.

Billedterapi handlar om relasjonen mellom kunstuttrykk, pasient, terapeut og gruppa.

Praktiske opplysningar

Samlingar kvar veke, ca 2 timar kvar gong.

Maks 8 deltakarar og to terapeutar.

Evaluering av behandling kvart halvår.

Rettar og eigenandel

Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjonom eigenandel og andre rettar finn du her

 

Kontakt