We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Pasientkurs

Håndartrose - Ålesund

Revmatologi. Månadleg gruppetilbod for pasientar vurdert ved ortopedisk eller revmatologisk poliklinikk.

13.
January
2025
4 dagar
  1. 13. Jan 2025, 10:00 AM - 2:00 PM
  2. 24. Mar 2025, 10:00 AM - 2:00 PM
  3. 28. Apr 2025, 10:00 AM - 2:00 PM
  4. 16. Jun 2025, 10:00 AM - 2:00 PM

Tid og stad

Når

  1. 13. Jan 2025, 10:00 AM - 2:00 PM
  2. 24. Mar 2025, 10:00 AM - 2:00 PM
  3. 28. Apr 2025, 10:00 AM - 2:00 PM
  4. 16. Jun 2025, 10:00 AM - 2:00 PM

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvifor delta på kurs

Dette kurset er aktuelt for deg som har artrose i hendene. Det er eit 2-timers gruppebasert informasjonskurs leia av ergoterapeut.

Du vil få informasjon om handartrose, samt tiltak som du sjølv kan gjere for å leve best mogleg med din handfunksjon.

Innhald

  • Kva er handartrose?
  • Ergonomi/bruk av ulike arbeidsmetodar når gjeremål er utfordrande å utføre.
  • Gjennomgang av tilrådd handtrening for å vedlikehalde bevegelse og auke styrken.
  • Praktiske gjenstandar for å avhjelpe utfordringar i kvardagsaktivitet.
  • Informasjon om skinne til basis av tommel.

 

Praktiske opplysningar

For dei med artrose i basis av tommel kan det vere aktuelt med skinne. Du vil då ev. bli sett opp til ein individuell time for vurdering.

Dersom det ikkje er mogleg for deg å møte på aktuelt tidspunkt må du ta kontakt med aktuell ekspedisjon. Dersom du har spørsmål om kurset, gi beskjed til aktuell ekspedisjon så vil ergoterapeut ringe deg opp igjen.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Norsk revmatikerforbund

Kontakt