Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusDersom du har deltatt tidlegare, vert det ikkje gitt tilbod om ny deltaking.
Kvifor delta på kurs
Hjarterehabilitering har som mål å gjere deg trygg. Dette gjennom auka kunnskap om hjartesjukdommen, og ved å gje deg erfaring med kva hjartetrening er, slik at du etter hjarterehabiliteringa kan fortsette liknande trening. Kunnskapen du tileignar deg vil gjere deg bevisst på kva du vidare må passe på for å førebygge ny hending.
Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil ein få kunnskap og innsikt rundt eigen sjukdom, og dette vil verke positivt inn på korleis ein meistrar sjukdomen, samt føre til auka tryggleik.
Innhald
Trening er ein viktig del av rehabiliteringa. Hjarterehabiliteringa vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du sjølv tek aktivt del i di eiga rehabilitering.
Forløp 1: Bortebane
- Totalt 12 veker
- 8 veker med trening på sjukehuset
- Vidare 4 veker heimetrening
- Undervisning med fysisk oppmøte
- Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
- Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
- Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
- Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
- Samtale med lege etter hjartetest
Vi legg opp til to treningar per veke (måndagar og onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Det er viktig å kombinere trening heime og hjarterehabilitering. Etter 8 veker skal du fortsette same trening heime i 4 veker. Det vil gi deg gode vanar som du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel jf. takst ved poliklinisk time.
Forløp 2: Heimebane
- Totalt 12 veker
- 4 veker med trening på sjukehuset
- 8 veker med heimetrening og digital oppfølging
- Digital undervising
- Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
- Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
- Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
- Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
- Samtale med lege etter hjartetest
Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Vidare 8 veker med eigentrening heime på same måte som øktene på sjukehuset. Du får nettbasert oppfølging kvar veke den perioden. Opplæring om korleis den nettbaserte oppfølginga og kommunikasjonen skal føregå vil du få hos oss. Treningsperioden skal gi deg gode vanar du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel jf. gjeldande poliklinisk takst.
Forløp 3: Seniorforløp
- 5 veker trening på sjukehuset
- Undervising og diskusjon i gruppe
- Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
- Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig intensitet, oppleving og tryggleik. Treninga skal opplevast frå moderat til anstrengande, og målet er at du skal bli andpusten og sliten. Kvar trening varer i ca 60 minutt.
Trening
Treningane blir leia av fysioterapeut med sjukepleiar til stades. På første trening blir vi kjend med deg og kan tilpasse intensiteten etter di fysiske form og kondisjon.
Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar treninga slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.
Treningsprogrammet som blir gjennomført på hjarterehabiliteringa er 4x4 minutt intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Hjartetrening er kondisjonstrening som betyr at du skal bli andpusten og sliten. Programmet 4x4 minutt intervall med høg intensitet er godt dokumentert er ein trygg treningsform for hjartepasientar. Programmet blir brukt hos dei fleste hjerterehabiliteringar i landet. Etter intervalltreninga følgjer 15-20 minutt med stabilitet- og styrketrening.
Treningane kan vere både på tredemølle, ergometersykkel og i treningssal.
Undervisning på Hjarteskule
Aktuelle tema for hjarteskulen er:
- Kosthald
- Blodtrykk og kolesterol
- Fysisk aktivitet
- Stressmeistring
- Medisinar
- Hjartesjukdom
- Å leve med hjartesjukdom
- Endring av livsstilsvanar
ETTER
Etter at du har delteke på hjarterehabiliteringa, bør du ha kome inn i eigne treningsvanar som du ønskjer å oppretthalde vidare.
Dersom du vil halde fram med liknande hjartetreningsgruppe som på sjukehuset, kan du få informasjon om kommunale og private treningsgrupper du kan delta i.
Kunnskapen og erfaringa du får på hjarterehabiliteringa skal gjere deg trykk på å belaste hjartet. Etablerte rutinar gjer at du vidare kan pleie hjartet i kvardagen, ved hjelp av gode livsstilsvanar.
Etter rehabilitering er det viktig med regelmessig kontroll og oppfølging av blodprøver og blodtrykk hos fastlege.
Praktiske opplysningar
Ta med:
- Gode sko
- Lette treningsklede
- Drikkeflaske
- Handduk
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Hjartepoliklinikken, Ålesund sjukehus
70105640