We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Kontakt oss

På denne sida finn du telefonnummer, adresser og anna kontaktinformasjon.

Sentralbord Sunnmøre
70105000
Sentralbord Nordmøre og Romsdal
71120000
Ved akutte situasjonar, ring 113
113
Via nødtelefon 113 tar AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) imot hastemeldingar ved akutt sjukdom og skade.

 

Vi har mange avdelingar og besøksadresser. Inne på avdelingane finn du oppmøtestad, telefonnummer, praktisk informasjon og besøkstider. 

E-p​​ost

Sensitive personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

Postadress​​e

Helse Møre og Romsdal, Postboks 1600, 6026 Ålesund
 

Vi oppfordrar både privatpersonar og verksemder å bruke eDialog for å sende dokument til oss på ein rask og sikker måte. Forsendinga blir kryptert, slik at du kan sende konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt. 

Slik logger du inn via eDialog 

  • ​Logg inn via eDialog ved å trykke på denne lenka: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/997005562 
    For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m) 
  • Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende til oss

Du skal ikkje benytte eDialog dersom: 

  • Vi har eigne elektroniske skjema til formålet.
  • Posten ikkje inneheld pasientretta eller sensitive opplysningar. Då kan du heller sende e-post til postmottak@helse-mr.no​ 

Slik fyller du ut sk​jemaet

  • ​​Velg om du er privatperson/innbyggar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer). 
  • Obligatoriske felt er merka med raud stjerne. 
  • Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.  
  • Kommentar: Her gir du ei meir utfyllande skildring av sendinga di.  
  • Husk å laste opp relevante vedlegg i PDF-format. 
  • Klikk på "Send forsendelse" -  Sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.  
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks). 

Slik kan du gjere om eit dokument​ til PDF-format 

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF. 
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF". 

No får du digit​​al post fra oss! 

Helse Møre og Romsdal har tatt i bruk eFormidling og sender no post digitalt til privatpersonar og verksemder. Privatpersonar vil få post frå oss i den digitale postkassa dei har valgt (Digipost eller e-Boks). Når post blir mottatt digitalt, vil du få varsel, anten via SMS, e-post eller i «appen». Dei som ikkje har ei digital postkasse, mottar breva via vanleg postgang. Husk at kvar enkelt brukar av Digipost må sjøv velge korleis dei vil bli varsla. Dette gjer du i innstillingane i Digipost.   
 
Verksemder mottar post frå oss digitalt i Altinn, der alle verksemder har ein «innboks». Når post kjem via Altinn, blir det sendt eit varsel, anten via SMS eller e-post, til dei varslingspunkta verksemda sjølv har meldt inn.  

Kvifor digital p​​​ost? 

Fordelane ved å få post digitalt er mange: 
  • ​Rask ekspedisjonstid – mottaker får posten med ein gong  
  • Mottaker har tilgang til posten overalt 
  • Det er sikrare fordi sendinga blir kryptert 
  • Det sparer miljøet ved mindre bruk av papir og mindre transport 

​​

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med den avdelinga du har time hos. Det er viktig at du ringer så snart som råd og seinast 24 timar før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturert. 

Søk etter avdeling eller ta kontakt via sentralbordet. 

Du kan også sende oss melding via HelsaMi når timen din nærmar seg. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. 

Du har rett til å klage til helseføretaket og Fylkesmannen dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har motteke dei helse- eller omsorgstenestane du har krav på. Lova skal sikre at alle har tilgang på nødvendige helsetenester, og at desse er av forsvarleg kvalitet. 

Meir informasjon og skjema for å sende inn ein klage finn du her

Viss du får eit dokument til signering til deg frå Helse Møre og Romsdal HF:

Verksemdssignering er ikkje innført hos oss enno, derfor må du signere på vegner av verksemda di med eigen bankid.

Viss du ikkje har fått varsel kan du logge inn her

Gjer følgande:

  1. Klikk på lenka: Digital signatur på avtalar | Posten signering
  2. Logg inn (Øvst i høgre hjørne)
  3. Vel – Logg inn for å signere
  4. Vel Signeringsforespørsel frå offentleg verksemd
  5. Vel Logg inn med ID-porten
  6. Signeringsoppdraget har sju dagars frist frå utsending.

Oppdater kontaktinformasjonen din

Sjekk at du er oppført med korrekt mobilnummer og e-postadresse i Kontakt- og reservasjonsregisteret, for å få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.

Vi ønsker elektroniske faktura (EHF-faktura) frå alle våre leverandørar.

Vi ber om at faktura blir merka med namn på bestillar/rekvirent, i tillegg til kva klinikk/avdeling/seksjon fakturaen gjeld.

I referansefeltet skal det kun stå RESH-nummeret. 

Informasjon om EHF-faktura (helse-midt.no) 

Vi ønsker helst elektronisk faktura (EHF-faktura) frå alle våre leverandørar.

Vi ber om at faktura blir merka med namn til bestiller/rekvirent, i tillegg til kva klinikk/avdeling/eining fakturaen gjeld.

I referansefeltet skal det kun stå RESH-nummeret. 

Helse Møre og Romsdal sitt organisasjonsnummer: 997 005 562

fakturamottak.fakturamottak@helse-mr.no

Helse Møre og Romsdal HF
Fakturamottak
Postboks 2620
6405 Molde


 

For leveranser av pasientreisetenester er fakturaadressa: 

Helse Møre og Romsdal HF
Pasientreiser i Møre og Romsdal
6026 ÅLESUND

 

 

Kommunikasjonsavdelinga tek imot førespurnadar frå media og hjelper til med den vidare kontakten til leiarar og fagpersonar ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Dette gjer vi for å sikre at informasjonen som går ut frå føretalet er oppdatert og korrekt. 

Mediekontakt i Helse Møre og Romsdal​​

Kursinvitasjonar kan du sende til vårt felles postmottak postmottak@helse-mr.no​
Helse Møre og Romsdal deler kursinvitasjonar frå eksterne vidare på vår intranettside for tilsette. 


Helsehjelp i Noreg

Her finn du enkel informasjon om korleis helsevesenet fungerer i Noreg og kven du kan ta kontakt med når.

Informasjonen er omsett til fleire språk. Den er skriven og kvalitetssikra av dei offentlege helsemyndigheitene i Noreg. 

Les meir på helsenorge.no
Ei smilande dame i kvitt arbeidstøy som måler blodtrykk på ein person som vi ser litt av
Last updated 10/8/2024