We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Grøne blad med sollys gjennom

Samfunnsansvar

Samfunnsansvaret handlar om korleis spesialisthelsetenesta løyser samfunnsoppdraget sitt i samspel med andre og korleis verksemda vår påverkar menneske, miljø og samfunn.

Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegner av fellesskapet, og har ei forplikting overfor samfunnet i å forvalte desse ressursane på ein berekraftig måte.

Spesialisthelsetenesta ønsker å vere ei teneste som belastar klima og naturmangfaldet i minst mogleg grad, vi skal vere opne om prioriteringar og korleis ressursane blir utnytta og vi skal sørge for at alle som jobbar hos oss eller hos leverandørane våre blir varetekne og blir sikra anstendige arbeidsforhold. Spesialisthelsetenesta skal prioritere og ta avgjerder i eit berekraftsperspektiv som femnar heile breidda i samfunnsansvaret.

Staten stiller gjennom Eierskapsmeldingen St.6 (2022-2023), krav og forventningar til at statleg eigde verksemder er leiande i arbeidet med ansvarleg verksemd. Målet til staten som eigar er at verksemder i spesialisthelsetenesta driftar berekraftig og har mest mogleg effektiv oppnåing av helsepolitiske mål. Eigarskapsmeldinga inkluderer ambisjonar, mål og strategiar innan sosiale forhold, miljøforhold og økonomiske forhold. ​

Helse Møre og Romsdal skal bidra til å nå målet til staten på ein berekraftig og ansvarleg måte i samsvar med nasjonale føringar, og vi skal identifisere og handtere risiko som verksemda påfører samfunn, menneske, miljø og klima.​

Utgreiing​ om samfunnsansvar

Lova om verksemders openheit og arbeid med grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold (openheitslova) tredde i kraft 1. juli 2022. Lova gjeld for større verksemder heimehøyrande i Noreg og som tilbyr varer/tenester i og utanfor Noreg, herunder dei regionale og lokale helseføretaka. Openheitslova har to formål. Den skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikre publikum tilgang til informasjon.

Det følgjer av lova at verksemder har ei plikt til å utføre varsemdvurderingar, i tråd med OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap. Formålet med varsemdvurderingane er å få oversikt og vurdere risiko for om det skjer brot på menneskerettane og anstendige arbeidsforhold, både internt i verksemda og hos leverandørkjeder og forretningssamband.

Vidare er det ei plikt etter lova at verksemder skal gjere greie for dei varsemdvurderingane som er gjennomførte, og at utgreiinga skal offentleggjerast innan 30. juni kvart år. Lova stiller fleire krav til innhaldet i forklaringa, under dette ei skildring av vesentlege risikoområde som er avdekte, og tiltak som er sett i verk eller planlagt sett i verk.

Her finn du utgreiing om samfunnsansvar ved Helse Møre og Romsdal 2023​​​​

Utgreiing om samfunnsansvar 2023 (PDF)


Grønt sjukehus

Helse Møre og Romsdal skal bidra til at Norge når sine klima og miljømål. Føretaket fokuserer på å redusere miljøavtrykket gjennom kontinuerleg forbetring og strategiske prioriteringar som bidrar til høg kvalitet i pasientbehandlinga og samtidig reduserer miljøavtrykket, der det er mogeleg.
Les meir om Grønt sjukehus
Liten spire i mold
Last updated 7/24/2023