Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helseeffektar av marine råstoff

Som partnar i den nasjonale klynga NCE Blue Legasea samarbeider Helse Møre og Romsdal med næringslivet om å undersøke helseeffektane av marine produkt i ulike pasientgrupper

Publisert 31.03.2020
Sist oppdatert 18.08.2023
Helseeffektar av marine råstoff.jpg

Helse Møre og Romsdal støttar næringslivet i regionen med utforsking av marine råstoff. På bileta ser du Dag Arne Lihaug Hoff (midten),

For bedriftene i NCE Blue Legasea skal Helse Møre og
Romsdal bidra til gjennomføringa av kliniske studiar der ein
ser på helseeffektane av ulike marine råstoff.

– Marine ingrediensar kan vere potente, men her er det
framleis ein lang veg å gå før ein kjem fram til bestemte
stoff som kan påverke overordna prosessar i kroppen,
seier Dag Arne Lihaug Hoff, seksjonsoverlege ved Klinisk
forskingspost.


Nasjonal ekspertise
I november 2018 fekk Blue Legasea status som Norwegian Centre of Expertise (NCE). Denne statusen blir tildelt klynger med bedrifter som hevdar seg innan sine felt i den globale marknaden, og totalt har Noreg 14 slike. NCE-programmet er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge, Siva og Forskingsrådet.

I dag består NCE Blue Legasea av 44 partnarar frå heile den marine verdikjeda – inkludert fiskeriselskap, landbasert prosessindustri, teknologi- og utstyrsleverandørar samt forskingsaktørar, akademia og kliniske miljø. Mange av partnarane er lokalisert i fylket. Etableringa av nettverksnavet Marine for Health (M4H) er ei viktig satsing i klynga. Her er målet å bygge felles kompetanse og legge til rette for kommersialisering av produkt mot helse- og ernæringsmarknaden.


Strenge krav
– Framleis er det svært mykje vi ikkje veit om helseeffektar av marine produkt. Det er interessant å studere dette for  å finne mogelege bruksområde som kan gi god folkehelse, seier seksjonsoverlege Hoff. M4H er forankra i industrien sine behov og skal gi tilgang til kompetansen som trengs for utvikling og posisjonering av nye produkt frå marint råstoff.
– Det er stadig strengare krav til vitskapeleg dokumentasjon av effektar for helse- og ernæringsprodukt. For bedriftene i regionen er det veldig viktig å ha tilgang til kompetanse for å gjennomføre kliniske studiar, seier Tormod Thomsen, styreleiar i NCE Blue Legasea.

Fleire studiar i gong
Klinisk forskingspost deltek i ulike prosjekt på området. For eksempel har Forskingsrådet gitt støtte til eit prosjekt der ein ser på marint protein-hydrolysat frå atlanterhavstorsk. Hydrolysering er ein prosess der fiskeproteina blir brotne ned til kortare bestanddelar kalla peptid.
Utgangspunktet er at peptid kan vere enklare for kroppen å ta opp frå spesialiserte celler i tarmen, og kan ha meir direkte verkandar enn heilprotein. Klinisk forskingspost har, ilag med Haukeland Universitetssjukehus og Senter for ernæring ved Universitetet i Bergen, gjennomført grunnleggande kliniske studiar – mellom anna for å studere
effektar på mettheit og blodsukkerrespons hos personar
med metabolsk syndrom.

– Det tette og unike samarbeidet mellom næringsliv, helseføretak og andre forskingsaktørar er svært verdifullt, seier Thomsen.

Les også:

Samarbeid om å undersøke helseeffektar av marine råstoff

Disputas: Betre helse med protein frå torsk?