Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Registrering av forskingsprosjekt og kvalitetssikringsprosjekt

Følgjande skal registrerast i dette skjemaet: forskingsprosjekt, inkludert multisenterprosjekt, legemiddelutprøving,  helsetenesteforsking, kvalitetsregister, kvalitetssikringsprosjekt, utlevering av pasientopplysningar, jf pkt 1.2 i skjemaet.

registrering av forskingsprosjekt

Utfylling av skjemaet:  

Skjema til utfylling finn du her. 

Klikk her for å gjere endring i oppretta søknad

Prosjekt registrert i  gammalt skjema

Om du har behov for å endre element som allereie er registrert i skjemaet som var i bruk fram til 2019, finn du her. Merk at der er fleire sider med registreringar, så det kan hende du må scrolle nedover lista før du finn det aktuelle skjemaet.

Nokre råd til utfyllinga:

a) Der svaralternativa er avkryssing i firkantruter, kan du krysse for fleire. Feks er studiar om legemiddelutprøving nesten alltid også multisenterstudie. 

b) Du må fylle ut alle spørsmål merka med raud stjerne før du klikkar på OK og lagrar det du har gjort.  Viss skjemaet ikkje blir "borte" når du klikkar på OK, sjekk at du har fylt ut alle punkt som er merka med raud stjerne

c) Når du er ferdig med utfylling av skjemaet, vel du "Ferdig" i pkt 10 i skjemaet. 

d) Når du skal redigere i skjema, klikkar du på denne lenka, og finn fram til ditt eige skjema

e) Legg ved følgjande dokument når aktuelt: 

  • protokoll / prosjektbeskrivelse
  • informasjons- og samtykkeskriv
  • søknad til / godkjenning frå REK
  • godkjenning frå Statens Legemiddelverk (SLV)
  • godkjenning frå Helsedirektoratet
  • søknad til / godkjenning frå NSD/SIKT
  • dokumentasjon frå gjennomført DPIA 

Skjemaet har tre føremål:

  • Reiskap for etterleving av  krav i artikkel 30 i Den europeiske personvernforordninga (GDPR) om å føre protokoll over behandling av personopplysningar
  • Vere verktøy for Helse Møre og Romsdals internkontroll i samband med helseforskingslova (jf § 4 i helseforskingsforskrifta),  og andre lover og forskrifter knytt til forsking,
  • Gi direktør, klinikksjefar, avdelingssjefar og andre som arbeider med forsking og kvalitetssikring oversikt over forsking, kvalitetssikring og utlevering av personopplysningar i Helse Møre og Romsdal.
Sist oppdatert 04.08.2023