Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Viktig erfaringsdeling i Barneblikk

- Det er viktig at du tør å la deg engasjere og ikkje berre er ein profesjonell, var erfaringsrepresentantane i Barneblikk sitt klare ønskje til dei tverrfaglege familieteama. – For om du tør å la deg engasjere, får du lettare tillit.

Ingvild Brynildsen og Mette Grytten
Publisert 06.06.2018
Sist oppdatert 27.05.2020
Erfaringssamling i Molde
Mette Grytten innleiar om Barneblikk-oppdraget på erfaringssamlinga i Molde.

​Fredag 25.mai utveksla 60 Barneblikk-aktørar tankar om dei ulike arbeidsprosessane i satsinga og vegen vidare. Barneblikk er ei satsing for utvikling av tenestetilbod til gravide og småbarnsfamiliar  kor ein eller begge foreldra har vanskar med rus eller har psykiske vanskar. På samlinga var dei ulike gruppene til stades som har ansvar for kompetanseheving, nettside, forsking og utvikling av tenestetilbodet i dei deltakande kommunane.

Denne dagen var tida komen til å få eit overblikk; kva er gjort, kvar er vi og kvar skal vi? Og ikkje minst; kva kan vi lære av kvarandre?

Alle aktørane i Barneblikk har eit felles mål: Styrke lavterskeltilbodet til gravide og småbarnsfamiliar kor nokon har rusproblem eller psykiske vanskar. Tilbodet skal vere utan krav til henvisning og ha ei varigheit frå graviditet fram til barnet startar i skulen. Desse punkta er sentrale:

1. Tverrfaglig samarbeid – på tvers av fag og nivå
2. Tidleg innsats – tidleg i problemutviklinga
3. Familieperspektivet – tilbod til både barna, mor, far, eventuelt andre familiemedlemmer
4. Brukarmedverknad – familien skal ha reell medverknad på eigen oppfølging

Satsing på tverrfagleg samarbeid

I 2016/17 vart det gjennomført kartlegging i Kristiansund, Molde og Ålesund. Den viste tydeleg eit behov for å styrke det tverrfaglege samarbeidet og særleg mellom barnetenestene og vaksentenestene. Det vart etablert  3 prosessgrupper for å utvikle tilbodet i dei tre kommunane. Desse gruppene består av tilsette frå lokalt sjukehus, kommunen og erfaringsrepresentantar.

Kvar kommune utviklar sitt eige tilbod saman med lokalsjukehuset, men arbeidet koordineras og vert støtta av ein koordinator. Mette Grytten har den rolla og ho støtter prosessane, sørgjer for å pushe på om det går litt sakte og sørgjer for kompetanseheving. I Barneblikk vil ein prøve ut eit forpliktande samarbeid mellom ulike tenester i kommunen og spesialisthelsetenesta for å kunne gi ei heilskapleg oppfølging av familiane. Dette er ikkje alltid like lett å få på plass i praksis, men vil være nyttig for familiane. Til dømes gir ulik organisering utfordingar. Ein satsar likevel på tverrfaglege team til los- og koordineringtenester og må finne praktiske måtar å løyse dette på. Desse vert kalla familieteam.

Erfaringsrepresentantane

Erfaringsrepresentantane i Barneblikk presiserte kor viktig familiane er for barna og at ein må sjå heile familien. Dei var opptatt av at familieteama må vere eit stabilt tilbod, med ein kontaktperson som kjenner familien. Både pasient og pårørande treng tydeleg rettleiing av personar som er både lyttande og engasjerte.

Ut frå eigen erfaring peikte dei på kor viktig det er at dei tilsette må ha god forståing i korleis forelderen sin tilstand påverkar barna og foreldrerolla og at tilstanden ofte styrer kvardagen. Alt for ofte tek barna eit stort ansvar for å hjelpe forelderen og for å skjule «familiehemmelegheita». Ein av erfaringsrepresentantane fortalde at ho ba om hjelp då ho var aktiv alkoholikar, men at alkoholbruken vart avfeia og bagatellisert. Ho ønska at dei tilsette skal ta på alvor det som vert sagt, og spørje om konsekvensane av tilstanden.
Ein må tørre å stille spørsmålet: Kva er viktig for deg? Dei fleste foreldre ønskjer jo det beste for barna sine.

Erfaringsrepresentantane foreslo å opprette eit brukarutval for Barneblikk der familiane kan vende seg for spørsmål og eventuelle klager. Forslaget vert lagt fram for styringsgruppa.

Ulstein

Ulstein kommune har motteke prosjektmidlar frå Helsedirektoratet til å etablere tverrfagleg helsestasjon og dei har vorte kopla opp mot Barneblikk etter at dei kom i gong med arbeidet. Tilbodet i Ulstein er kalla Trygg Start og skal gi ekstra oppfølging til gravide og familiar. Foreløpig fram til barnet er 2 år, men det vert diskutert om ein skal følgje opp lenger. Trygg Start skal vere eit tilbod til familiar der det er rus-, psykiatri- eller valdsproblematikk. Ulstein kommune har etablert ei tverrfagleg styringsgruppe og prosjektgruppe slik at fleire tenester tar ansvar for å fange opp aktuelle familiar. Dei reknar med å vere klar til å ta imot dei første familiane i løpet av hausten, og vere i fast drift frå og med 2019.

Kristiansund

I Kristiansund kommune bygger Barneblikksatsinga på ein prosess som har gått i fleire år. I 2015 starta tverrfagleg helsestasjon med tilbod om «ekstraservice» til familiar som slit og som har barn i førskulealder. Gravide vert følgt opp av jordmor og av Psykisk helsetenester for barn og familiar, men får tilbod i tverrfagleg helsestasjon etter barnet er født og fram til skulealder. Tverrfagleg helsestasjon har lett tilgang på kommunale barnefaglege tenester, helsestasjonslege, fysioterapeut, familierettleiar og psykolog. Kristiansund arbeidar med korleis ein kan auke kapasiteten til tverrfagleg helsestasjon i lag med kommunal rus- og psykiatriteneste og spesialisthelsetenesta.

Molde

I Molde er planen å sette i gong familieteam frå september i år. Her har prosessgruppa kome fram til ei avgrensing av målgruppa i familieteamet. Inntakskriteria skal være graviditet og moderate vanskar hos dei vordande foreldra. Oppfølgingstilbodet skal vere fram til barnet startar i skulen. Familieteamet skal vere tverrfagleg samansett av losfunksjonar frå Ressurstenesta (kommunal rus/psykiatriteneste) og helsestasjonen (jordmor og familierettleiar). BUP og Molde behandlingssenter skal stille med medlos- og rettleiar-funksjon, medan barneverntenesta skal bidra med barnevernsfagleg rettleiing ved behov.

Familieteamet vil såleis ha kompetanse på barn og vaksne, tidleg innsats og spesialistert kartlegging, rus- og psykiske helseutfordringar, og samtale om vanskelege tema. I tillegg kan ein på eit tidleg stadium avdekke kven som treng behandling i spesialisthelsetenesta.
Fram til oppstart i september vil ein konkretisere betre korleis brukarmedverknaden skal ivaretakast.

Ålesund

Ålesund kommune vil bygge tilbodet i tilknyting til småbarnsteamet i Ressursbasen kor det er høg og tverrfagleg kompetanse til å hjelpe familiar som slit. Frå hausten ønskjer ein å styrke småbarnsteamet med ei los-stilling som har særleg kompetanse på rus- og psykiske helseutfordringar. Losen skal tilby oppfølging på eit tidleg tidspunkt, kartlegging av korleis familien fungerer på ulike livsområde, rettleiing og hjelp med koordinering av oppfølginga til familien.

Prosessgruppa vil sjå nærare på korleis ein kan få til eit tett samarbeid mellom losen, BUP og gravide-teamet ved Ålesund behandlingssenter.

Legar med Barneblikk

Målet med Legar med Barneblikk var å få innspel til korleis fastlegar og andre tenester kan samarbeide betre om gravide og småbarnsfamiliar som slit. Dette ble gjennomført på Søre Sunnmøre og erfaringa er at fastlegane ynskjer å ha nokon "å spele ball med" for å gi familiane eit heilheitleg tilbod. Dei ønskjer å bli invitert til samarbeidsmøter, men ser også for seg  at meir bruk av elektronisk kommunikasjon kan være nyttig. Historia til brukarrepresentanten som deltok i Legar med barneblikk, viste korleis ho manipulerte fastlegen sin til å skrive ut medisinar. Det vart ein tankevekkjar. Fastlegane var og overraska over kor mange barn som lever med vanskar og undrar seg over kven dei ikkje har sett.

Ålesund kommune ønskjer å vidareføre prosjektet eit år til for å kunne diskutere med fastlegane i mindre grupper.

Godt i gang

Under oppsummeringa tok familierettleiar ved psykisk helseteneste for barn og familiar i Kristiansund kommune, Trude Jonassen ordet. Ho gleda seg over at dei lokale tilboda ser ut til å ha barnet i sentrum. Kvar av tilboda har ei tverrfagleg samansetting og det er særs interessant med Molde som skal prøve ut eit forpliktande tilbod mellom behandlingsnivåa. Alle var einige i at fleire må bli betre på å finne familiar på eit tidlegare stadium og at pappaene må involverast meir.  I tillegg er det behov for auka kompetanse på korleis rus og psykiske vanskar påverkar familien.

Det var brei einigheit om at ein slik dag, kor ein får lagt fram og delt det ein jobbar med, er nyttig. Ein vert nysgjerrig på korleis andre har løyst oppgåvene, ein ser at ulik organisering krev ulike måtar å etablere tilbodet på, men utan at kjerneverdiane vert borte.

Mykje kjem til å skje til hausten. Eit eksempel på kor viktig det er at ein gjer dette saman,  er korleis Barneblikk kan bidra til kompetanseheving. 13.september vert det opplæring i Funksjonssirkelen som er ei metode for å kartlegg korleis tilstanden til foreldra påverkar kvardagen til barnet og foreldrerolla. Det vert etterspurd av mange.

Ein liten film frå samlinga

Presntasjonar frå samlinga finn du under Presentasjonar. (nederst på hovudsida til Barneblikk)