HELSENORGE

Helsefellesskap Møre og Romsdal

Helsefellesskap Møre og Romsdal er ei vidareutvikling av samarbeidsavtalen og samarbeidsstrukturen mellom Helse Møre og Romsdal HF og kommunane i fylket med verknad frå 2021. Prinsippa bygger på avtale om helsefellesskap som blei inngått mellom regjeringa og KS hausten 2019. Det er ei forventing om å utvikle samarbeidet til partnarskap for å nå mål om meir samanheng og berekraft i helsetenestene. 

Etablering av helsefelleskap skal vere med å sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest. Helsefellesskapa skal særskilt prioritere tenester til fire pasientgrupper: barn og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar.

Samhandlingsnytt

Fann du det du leita etter?