Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisert rehabilitering i Helse Møre og Romsdal er samla ved Ålesund sjukehus

Sjå informasjon om tilbod og tilvising.

Publisert 14.01.2025

I desember 2024 vart det bestemt at det spesialiserte rehabiliteringstilbodet ved Aure rehabiliteringssenter skal leggast ned. Dette betyr at all spesialisert rehabilitering i Helse Møre og Romsdal no er samla ved Ålesund sjukehus. Omstillinga har også ført til at tilbodet i Ålesund har blitt meir poliklinisk og ambulant, med færre døgnsenger. Det er no meir fokus på tidleg rehabilitering i døgnavdelinga.

Frå 1. januar 2025 er det 20 tilgjengelege senger på døgnposten og 4 senger på pasienthotellet Åse hotell.

Inntakskriteria og tilbodet har ikkje endra seg som følgje av omstillingane. Vi vurderer tilvisingar etter dei same kriteria som før. Pasientar som treng spesialisert rehabilitering, vil framleis få tilbod hos oss. Vi har vekentlege inntaksmøte, men tilvisingar blir vurderte fortløpande for å unngå unødvendig ventetid for pasientar i subakutt fase etter skade eller sjukdom. Dersom det er tvil om pasienten sitt rehabiliteringsbehov, tilbyr vi ambulant eller poliklinisk vurdering for avklaring.

Pasientgrupper som får tilbod om spesialisert rehabilitering

  • Erverva hjerneskade (etter sjukdom eller skade).
  • Ryggmargsskade.
  • Amputasjonar av underekstremitetar.
  • Multitraume.
  • Kroniske og subakutte nevrologiske sjukdomar.
  • Intensivoverlevarar (PICS).
  • Kreft (med skade i sentralnervesystemet).

 

Tilvisning

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til: HMR ADM FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING - ÅLESUND

Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar. 

Tilvisinga må innehalde opplysingar om:

  • Mål for opphaldet
  • Kva type opphald det blir søkt om
  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
  • Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped


* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post:

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF
Ålesund sjukehus
Felles inntaksnemnd ved
Fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund