Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høg deltaking på fagdagar om samhandling rundt brukarar med alvorleg psykisk sjukdom og valdsproblematikk

Den 7. og 8. mars møttest nær 120 leiarar innan psykisk helse og rus i kommunar og helseføretak, kommuneoverlegar, politiet, statsforvaltar og brukarrepresentantar i Møre og Romsdal for å betre samhandlinga rundt pasientar/brukarar med alvorleg psykisk sjukdom og valdsproblematikk. Initiativet til samlinga kom frå Kristiansund kommune og lokal sikkerheitsavdeling i Ålesund HMR.

Publisert 14.03.2023
Frå fagdag om psykisk helse 2023
Fagdagane om psykisk helse og valdsproblematikk ved Scandic Alexandra hotell

Fagdagane i Molde sette søkelys på organisering, samhandlingskultur og leiing som suksessfaktorar for å lukkast med samhandling. Målet var å skape eit felles kunnskapsgrunnlag for kommunane og helseføretaket sitt oppdrag, utfordringar, moglegheiter og avgrensingar.

Seksjonsleiar ved lokal sikkerheitsseksjon, Andreas Follesø, var programleiar gjennom fagdagane. Det var dyktige innleggshaldarar og stort engasjement blant deltakarane.

​​
Føredragshaldarar på fagdag 2023


Føredragshaldarane under fagdagen:
  • Antje Gross-Benberg - avdelingssjef for sikkerhets, fengsels og rettspsykiatri ved St. Olavs Hospital
  • Siv Iren Stormo Andersson, kommunalsjef Kristiansund kommune
  • Berit Skaale - jurist og leiar for sentral fageining for tvungen omsorg ved. St. Olavs Hospital
  • Hilde Jorunn Kvamme - psykologspesialist ved St. Olavs Hospital
  • Ragnhild Johansen -  assisterande fagdirektør i Helse Midt-Norge RHF
  • Mariann Klokk – overlege, PhD, ved lokal sikkerheitspsykiatri i Ålesund HMR HF
  • Erik Lind – Politiet i Møre og Romsdal
  • Kjetil Leirbekk – kommunedirektør i Averøy kommune
  • Vegard Kolbjørnsrud, Førsteemanuensis Institutt for strategi og entrepenørskap, Handelshøyskolen BI Oslo​

Dei siste tiåra er det totale talet på sengeplassar i psykiatrien vorte redusert frå over 7000 til litt over 3000 plassar. Fokuset har vore retta mot ambulant oppfølging. Fleire lovendringar har bidrege til kapasitetsutmaningar i psykisk helsevern. Omsorgsnivåa skildrar i aukande grad at berre dei sjukaste pasientane blir tilbode behandling. Aktørar i ambulansetenesta, politiet og brannvesenet rapporterer aukande aktivitet knytt til personar med psykiske lidingar, parallelt med valds- og rusproblematikk. Pasientgruppa er dermed svært ressurskrevjande for helsevesenet og samfunnet elles.

Både pasientar, helseføretak og kommunar opplev samhandlinga som vanskeleg.
Fagdagane sette søkelys på organisering, samhandlingskultur og leiing som suksessfaktorar for å lukkast med samhandling. Målet var å skape eit felles kunnskapsgrunnlag.

Den 22.03.23 vil det bli gitt ei orientering om fagdagene i Strategisk samarbeidsutvalg (SSU). SSU vil ta stilling til korleis ein skal ta dette viktige arbeidet vidare i helsefellesskapet Møre og Romsdal.

Du finn meir informasjon om Helsefellesskap Møre og Romsdal under.

Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Her finn du partnarskapsmøtet, strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og 12 faglege samarbeidsutval.
Gå til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde puslebrikker