Nytt og utbetra digitalt Altinn-skjema for samhandlingsavvik
Nytt digitalt skjema for å melde samhandlingsavvik frå kommunane til helseføretaket kan frå i dag takast i bruk. Samhandlingsseksjonen i Helse Møre og Romsdal har i lengre tid jobba for å utbetre det digitale Altinn-skjemaet for samhandlingsavvik.
Oppdatering
Det er gledeleg at det nye meldeskjemaet no endeleg er på plass, seier rådgivar ved Samhandlingsseksjonen, Karethe Kristoffersen Aam.
Det har lenge vore eit problem at moglegheitene for å ta ut rapportar for samhandlingsavvik har vore avgrensa. Meldeskjemaet som har vore nytta fram til 01.02.2023 har ikkje vore dekkande for føresegnene i samarbeidsavtalen. Rapportar som seier noko utover tal på melde avvik og ifrå kva verksemd har ikkje vore mogelig å ta ut. Dette har medført eit stort manuelt arbeid ved utarbeiding av årsrapport for samhandlingsavvik. Med eit utbetra Altinn- skjema, vil ein framover ha mogelegheiter for å ta ut statistikkar for typar avvik og omfanget av desse. Dette vil gjere det lettare å identifisere problemområde og peike ut mål for forbetring. Utbetra Altinn-skjema vart presentert og godt motteke i strategisk samarbeidsutval 18.01.23.
Jamfør hovudavtalen punkt 7 i samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal (2021) skal:«Arbeidet med avvikshandtering, forbetringsarbeid og erfaringsutveksling vere høgt prioritert hjå partane. Dersom partane ikkje følgjer avtalen kan det føreligge eit avvik. Brot på retningsliner som fører til dårleg samarbeid er også eit avvik. Formålet med avvikshandtering skal vere forbetringsarbeid og erfaringsutveksling.»
Vidare seier samarbeidsavtalen at lokale samarbeidsutval (LSU) skal vere eit forum for forbetringsarbeid og samarbeid mellom kommunane og det enkelte sjukehus. LSU skal kartlegge, initiere, følge opp og implementere forbetringar på operativt nivå med mål om gode samhandlingsløysingar og standardiserte pasientforlaup. Prioriteringa skal blant anna byggje på registrerte samhandlingsavvik og input frå årleg samarbeidsmøte mellom sjukehuset og kommunane.
Med eit nytt og utbetra meldeskjema legg ein no betre til rette for at dei lokale samarbeidsutvala får betre oversikt over samhandlingsavvik i sitt sjukehusområde.