Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Møteplass Møre og Romsdal

Revidert retningsline for samarbeid mellom fastlegar og sjukehus vart vedtatt i Strategisk samarbeidsutval

Retningsline for samarbeid mellom fastlegar og sjukehus «Møteplass Møre og Romsdal-dokumentet» har vorte revidert etter ei brei høyringsrunde og er ferdigstilt. Den reviderte retningslina vart 22. mars 2023 presentert for Strategisk samarbeidsutval (SSU) av leiar i faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid Stian Endresen. Der vart retningslina godt motteke og godkjend.

Publisert 23.03.2023
Sist oppdatert 24.03.2023
Presentasjon ny retningsline
Stian Endresen presenterer revidert retningsline for samarbeid mellom behandlarar

​​Revidert retningsline for samarbeid mellom fastlegar og sjukehus "Møteplass Møre og Romsdal-dokumentet" 2023 (pdf)

​Retningslina er revidert av Faglig samarbeidsutval for felles behandlarsamarbeid (tidligare Behandlerfagråd) i Helsefellesskap Møre og Romsdal der Stian Endresen er leiar i fagutvalet. Endresen er tilsett som fastlege i Ulstein kommune i tillegg til å vere leiar for praksiskonsulentordninga i Helse Møre og Romsdal. Retningslina er laga med tanke på samhandling mellom spesialisthelsetenesten og legar utanfor sjukehusa.

SSU orienterte om at fagutvalet for behandlarsamarbeid vert utvida for å få meir fagleg breidde i sakshandsaminga i møta. Fagutvalet vert utvida med to fastlegar og fem legar for HMR (ortopedi, kirurgi, barn, geriatri og kardiologi) frå og med neste møte. I tillegg til ulike behandlarar er også brukarrepresentantar med i utvalet.

SSU

Den nye retningslina vart lagt fram for Strategisk samarbeidsutval (SSU) 22.mars


Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Her finn du partnarskapsmøtet, strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og 12 faglege samarbeidsutval.
Gå til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde puslebrikker