Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliativ plan og den eldre multisjuke pasient

Kan, eller skal, palliativ plan brukast for den eldre multisjuke pasient?

Britt Valderhaug Tyrholm
Publisert 16.09.2019
Sist oppdatert 18.08.2021
Tanja Alme og Britt Valderhaug Tyrholm med resultatet av hva deltakarane sin vurdering av workshopen
Tanja Alme og Britt Valderhaug Tyrholm med deltakarane si vurdering av workshoppen

​Dette var eit av fleire viktige spørsmål som blei diskutert i workshop 5. september, der 40 fagpersoner frå helseføretak og kommunar diskuterte i lag.
Omgrepet palliasjon blei og diskutert. Det er mange som forbinder palliasjon med kreft og livets siste dagar. Palliasjon er lindring og omsorg, uavhengig av diagnose. Kreftomsorga har vore det faglege lokomotivet innafor palliasjon. Derfor forbinder mange palliasjon med denne pasientgruppa.

40 fagpersoner frå helseføretak og kommunar diskuterte i lag

40 fagpersoner frå helseføretak og kommunar diskuterte i lag

I nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorga vært det understreka at palliativ behandling ikkje berre gjeld pasientar med kreft. (Helsedirektoratet 2015) Palliativ plan er diagnoseuavhengig.

Hensikta med palliativ plan er at ein saman med pasienten og pårørande lager ein plan som kan bidra til heilskapleg og føreseieleg oppfølging i sjukdomsforløpet. Planen er forankra i kva som er viktig for pasienten i høve behandling og oppfølging av eigen sjukdom. Under workshopen ble det vist døme der palliativ plan har gitt gode forløp for eksempel for pasientar med demens, hjertesvikt og kols. Det blei og peika på at det er nok med ei diagnose på alvorleg uhelbredeleg sjukdom for å ha nytte av ein palliativ plan. Det blei og vist til at problemet ofte er at ein kjem for seint i gang med slik plan.

Ved slutten på workshopen kom det tydelig fram at storparten av deltakarane  var einige om at palliativ plan bør brukast til den eldre multisjuke, eller skrøpelige pasient.

Lenke til palliativ plan

Innlegg fra workshopen

Eksempler palliasjon

Kva kan du gjere med palliativ plan på din arbeidsplass

Palliativ plan for passienter med demens

Den eldre multisjuke passient, justert handlignsplan

Kva legg du i ordet palliasjon

Skal vi bruke palliativ plan til den eldre multisjuke passient?

Evaluering av dagen


Arbeidet er godkjent av Overordnet samhandlingsutvalg. Innføring av palliativ plan utgjør innsatsområde 2.5 i samhandlingsstrategien for 2016 – 2018 / 2019 – 2020.