
Vi har varierte problemstillingar både på dagtid og i vaktsamanheng med elektive obstetriske og gynekologiske pasientar og akuttmedisin som til dømes alvorlege postpartum blødningar og sirkulatorisk ustabile pasientar med blødande ekstrauterin graviditet. Vi er så heldige at vi arbeider i team med sjukepleiarar, jordmødre, barnepleiarar, anestesipersonell og barnelegar.
Ved fødeavdelingene i foretaket har vi fødslar i Volda og Molde frå graviditetsveke 35, i Ålesund frå graviditetsveke 26. Premature fødslar i graviditetsveke 24-26 er sentralsiert til St. Olavs Hospital i Trondheim. Ved Kristiansund sjukehus er det ikkje fødetilbod, men gravide får svangerskapsoppfølging og det vert og handtert eit godt uval av gynekologiske problemstillingar. Enkelte gravide er selektert til Ålseund for å føde, til dømes tvillingsvangerskap, vaginale setefødslar og forhøga BMI. Dette har vi eigne prosedyrer for i foretaket.
Når det gjeld gynekologien, har dei fire avdelingane våre nokså lik drift når det gjeld operativ aktivitet.