Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i hjartesjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Kardiologi er eit breitt og spennande fagfelt som er både fascinerande og utfordrande. Som kardiolog vil du kunne jobbe både med akutte og kroniske pasientgrupper, og innanfor faget har ein gode moglegheiter for ein variert arbeidskvardag.  Kardiologi blir oftast sett på som ein spesialitet med definerte underkategoriar: Invasiv kardiologi, rytme, imaging, akutt, hjertesvikt og preventiv.

Illustrasjonsbilete hjartet

Ved større sentra og internasjonalt inneber desse faglge inndelingane relativt lite overlappande verksemd. I Helse Midt-Norge er universitetssjukehuset St Olavs hopsital i Trondheim den invasive verksemda innan koronarssjukdom og rytme, i tillegg til at thoraxkirurgi i regionen blir utført der, noko som fører til tett samarbeid med dei øvrige sjukehusa i regionen..

I Helse Møre og Romsdal er kardiologi lagt til medisinsk avdeling ved dei tre sjukehusa våre. I Volda er det useksjonerte medisinske avdelingar, mens ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) og Ålesund er det seksjonerte medisinske avdelingar der kardiologi er eigne seksjonar med eigen sengepost. 

Ved alle sjukehusa våre er det stort volum av generell kardiologi. Det er likevel til ei viss grad ei spissing mot dei nemnde underkategoriane i faget.  Dette gjeld i størst grad i Ålesund, som har størst volum og størst del av funksjonsfordelinga i føretaket. Funksjonar lagt til Ålesund er følgande:

  • Implantasjon av hjartestartar og biventrikulær pacemaker
  • Oppfølging av vaksne med medfødt hjartefeil
  • Utgreiing og oppfølging av pulmonal hypertensjon
  • Myocardscintigrafi som iskemiutgreiing
  • Oppfølging av implantert hjartestartar via heimemonitor skjer i Ålesund for Volda/Ålesund, og på SNR.

Implantasjon av vanleg pacemaker er funksjonsfordelt til Ålesund og SNR. Oppfølging med testing og programmering skjer ved alle sjukehusa. Alle kan og legge temporær pacemaker ved behov.

Utdanning i kardiologi skjer ved alle dei tre sjukehusa. Læringsmål knytt til område med funksjonsfordelingar som er omtalt ovanfor skjer enten ved hospiteringsdager eller rotasjon for klinisk teneste i føretaket. Det kan og vere ein del av ei forlenga spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Ved alle våre sjukehus gjeld at det er nødvendig med teneste ved universitetssjukehus i ca 2 år. Noko lengre teneste vil vere nødvendig frå Volda sjukehus. Utdanningsløpet vil framgå av utdanningsplanen som blir laga ilag med deg.


​Spesialisering i hjartesjukdommar ved Volda sjukehus

Spesialisering i hjartesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i hjartesjukdommar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 17.06.2025