Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset har om lag 2000 tilsette og er det nye fellessjukehuset for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal.

SNR er det nest største sjukehuset i føretaket og er eit topp moderne akuttsjukehus for kommunane på Nordmøre og i Romsdalen, som utgjer om lag 112 000 innbyggjarar. Ved sjukehuset ligg og den einaste nevrologiske avdelinga i fylket og fylkesfunksjon for all akutt nevrologi utanom hjerneslag. Det er om lag 2000 tilsette ved sjukehuset, som har vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, gynekologi, anestesi, ØNH, auge, medisinsk mikrobiologi, nevrologi og vaksenpsykiatri. Psykiatri- og habiliteringsbygg er ein del av det nye sjukehuset på Hjelset. I tillegg er det poliklinisk tilbod innan barne- og ungdomspsykiatri. 

Sjukehuset ligg ca 17 km aust for Molde sentrum og ca 54 km sør for Kristiansund sentrum. Det er eige teater i Molde og operahus i Kristiansund, og det er også fleire årlege festivalar som Moldejazz, Bjørnsonfestivalen og elles eit rikt og variert kulturtilbod innan alle sjangrar.

Frå sjukehuset er du i umiddelbar nærleik til spektakulære fjell og fjordar som gir uendelege moglegheiter for eit heilårs friluftsliv. Ein kort kjøretur sørover får du og Sunnmørsalpane for dine føtter. Det er kort veg til surfemoglegheiter ved storhavet. Korte bilturar frå sjukehuset tek deg både til Atlanterhavsvegen og utallege små fiskever langs kysten. 

I tillegg er det store høgskulemiljø både i Molde og i Kristiansund, og det er og pendlaravstand til mykje ulik maritim næring og industri. Dagleg er det gode bussavgangar til byane i fylket og til Trondheim. Om lag 16 km frå sjukehuset finn du flyplass med fleire daglege avgangar til både Oslo, Bergen og Trondheim, samt og nokre avgangar til utlandet.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal kan by på følgjande spesialistutdanningar:

Sist oppdatert 08.05.2025