Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Pasientkurs

Hjarterehabilitering - Ålesund

Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar eller har operert kranseårar ved bypass-operasjon, kan få tilbod om hjarterehabilitering

Tid og stad

Når

Kurset går kontinuerlig

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

For å delta på hjartetreningsgruppe/hjarterehabilitering må du ha tilvising frå lege. Om du ikkje har blitt tilvist etter sjukehusopphaldet, kan fastlegen din tilvise deg.

Tilvisning sendes elektronisk til poliklinikk for hjartesjukdommar, Ålesund sjukehus.


Det er inga øvre aldersgrense , men du bør ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta. Du må samtidig vere motivert for trening. Du må kunne gå utan hjelpemiddel og klare å gå ein tur på 30-45 minutt på flat veg.

Når vi har motteke tilvisinga di, vil du bli kontakta av oss for å avtale starttid.

Dersom du har deltatt tidlegare, vert det ikkje gitt tilbod om ny deltaking.

Kvifor delta på kurs

Hjarterehabilitering har som mål å gjere deg trygg. Dette gjennom auka kunnskap om hjartesjukdommen, og ved å gje deg erfaring med kva hjartetrening er, slik at du etter hjarterehabiliteringa kan fortsette liknande trening. Kunnskapen du tileignar deg vil gjere deg bevisst på kva du vidare må passe på for å førebygge ny hending.

Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil ein få kunnskap og innsikt rundt eigen sjukdom, og dette vil verke positivt inn på korleis ein meistrar sjukdomen, samt føre til auka tryggleik.

Innhald

Trening er ein viktig del av rehabiliteringa. Hjarterehabiliteringa vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du sjølv tek aktivt del i di eiga rehabilitering.

Forløp 1: Bortebane

  • Totalt 12 veker
  • 8 veker med trening på sjukehuset
  • Vidare 4 veker heimetrening
  • Undervisning med fysisk oppmøte
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
  • Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
  • Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
  • Samtale med lege etter hjartetest

Vi legg opp til to treningar per veke (måndagar og onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Det er viktig å kombinere trening heime og hjarterehabilitering. Etter 8 veker skal du fortsette same trening heime i 4 veker. Det vil gi deg gode vanar som du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel jf. takst ved poliklinisk time.

Forløp 2: Heimebane

  • Totalt 12 veker
  • 4 veker med trening på sjukehuset
  • 8 veker med heimetrening og digital oppfølging
  • Digital undervising
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
  • Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
  • Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
  • Samtale med lege etter hjartetest

Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Vidare 8 veker med eigentrening heime på same måte som øktene på sjukehuset. Du får nettbasert oppfølging kvar veke den perioden. Opplæring om korleis den nettbaserte oppfølginga og kommunikasjonen skal føregå vil du få hos oss. Treningsperioden skal gi deg gode vanar du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel jf. gjeldande poliklinisk takst.

Forløp 3: Seniorforløp

  • 5 veker trening på sjukehuset
  • Undervising og diskusjon i gruppe
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut


Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig intensitet, oppleving og tryggleik. Treninga skal opplevast frå moderat til anstrengande, og målet er at du skal bli andpusten og sliten. Kvar trening varer i ca 60 minutt.

Trening

Treningane blir leia av fysioterapeut med sjukepleiar til stades. På første trening blir vi kjend med deg og kan tilpasse intensiteten etter di fysiske form og kondisjon.

Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar treninga slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.

Treningsprogrammet som blir gjennomført på hjarterehabiliteringa er 4x4 minutt intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Hjartetrening er kondisjonstrening som betyr at du skal bli andpusten og sliten. Programmet 4x4 minutt intervall med høg intensitet er godt dokumentert er ein trygg treningsform for hjartepasientar. Programmet blir brukt hos dei fleste hjerterehabiliteringar i landet. Etter intervalltreninga følgjer 15-20 minutt med stabilitet- og styrketrening.  

Treningane kan vere både på tredemølle, ergometersykkel og i treningssal.

Undervisning på Hjarteskule

Aktuelle tema for hjarteskulen er: 

  • Kosthald
  • Blodtrykk og kolesterol
  • Fysisk aktivitet
  • Stressmeistring 
  • Medisinar
  • Hjartesjukdom
  • Å leve med hjartesjukdom
  • Endring av livsstilsvanar

 

ETTER

Etter at du har delteke på hjarterehabiliteringa, bør du ha kome inn i eigne treningsvanar som du ønskjer å oppretthalde vidare.

Dersom du vil halde fram med liknande hjartetreningsgruppe som på sjukehuset, kan du få informasjon om kommunale og private treningsgrupper du kan delta i.

Kunnskapen og erfaringa du får på hjarterehabiliteringa skal gjere deg trykk på å belaste hjartet. Etablerte rutinar gjer at du vidare kan pleie hjartet i kvardagen, ved hjelp av gode livsstilsvanar.

Etter rehabilitering er det viktig med regelmessig kontroll og oppfølging av blodprøver og blodtrykk hos fastlege.

Praktiske opplysningar

Ta med:

  • Gode sko
  • Lette treningsklede
  • Drikkeflaske
  • Handduk

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

Kontakt

Relevante behandlingar