Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Pasientkurs

Sjøgrens syndrom - Ålesund

Revmatologi. Kurset er spesielt tilrettelagt for deg som har nokså nyoppdaga sjukdom, i løpet av dei siste åra. Pårørande er velkomne til å delta.

17.
mars
2025
2 dagar
  1. 17. mar. 2025
  2. 18. mar. 2025

Tid og stad

Når

  1. 17. mar. 2025
  2. 18. mar. 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Dersom du vil delta må du bli tilvist av ein lege. Som oftast er det legar ved revmatologisk avdeling som tilviser, men fastlegar kan også tilvise. Tilvising skal sendast elektronisk til Revmatlogisk poliklinikk, Ålesund sjukehus.

Når du er tilvist, vil du motta eit brev med ei stadfesting av tilvisinga, og du blir sett på ei venteliste. 

Når det blir ledig plass på det aktuelle kurset, blir du innkalla. Du får innkallinga i god tid før kurset. I innkallinga får du også praktiske opplysningar som du treng.


Kvifor delta på kurs

Føremålet med undervisninga er at deltakarane skal få kunnskap om sjukdommen og ulike typar behandling, og at dei skal vite kva dei sjølv kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen i kvardagen. Dei skal også kjenne seg trygg på når dei bør kontakte helsepersonell som fylgje av sjukdommen eller behandlinga.

Innhald

  • Sjukdomslære

  • Medikament

  • Kosthald

  • Daglege aktivitetar

  • Fysisk aktivitet

  • Trygde- og sosiale rettar

Fleire yrkesgrupper og ein brukar bidrar. Undervisningsforma varierer mellom forelesingar, aktivitet individuelt og i grupper, og utveksling av erfaringar.

Praktiske opplysningar

Bevertning: Det serveres enkel lunsj, faktura sendes i etterkant av kurset.

Dersom det er behov for overnatting, tek ein kontakt med avdelinga.

Parker på sjukehusets gjesteparkering.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Norsk revmatikerforbund

Kontakt

Relevante behandlingar