Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Gruppeanalyse er ei behandlings-form som har som mål å fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjenslemessige og relasjonelle problem. Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Innhald
Behandlingstilnærminga tek utgangspunkt i at mennesket alltid lever som eit knutepunkt i eit nettverk av relasjonar som påverkar kvarandre gjensidig. Gruppa blir som ein slags minimodell av samfunnet.
Ved å dele personlege erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre, gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemmene og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjølv og i forhold til andre menneske. Nye medlemmar føler ofte situasjonen som uvant og vanskeleg, men med aukande tillit og gjensidig interesse i gruppa vil ein gradvis få hjelp til å uttrykke følelsar og tankar som har blitt undertrykt eller er overveldande.
Terapeutane vil velge ut deltakarar som vurderast som eigna for denne behandlingsforma og som ein trur vil ha ei positiv effekt på kvarandre.
Praktiske opplysningar
Gruppa møtast til faste tider ein gong i veka à 1 ½ time.
Talet på deltakarar: 8 – 10 medlemmar i gruppa inkludert terapeuten/ terapeutane.
Rettar og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjonom eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Wibeke Kløvning
70 16 73 00Morten Svelund
70 16 73 00