Tid og stad
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om MS, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med MS.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Innhald
-
Informasjon om sjukdomen MS og behandling som finnast.
-
Fysisk aktivitet og MS.
-
Fatique, energiøkonomisering.
-
Arbeid – sjukemelding – attføring.
-
Brukarerfaring.
Forelesarane er: Nevrolog, MS sjukepleier, fysioterapeut, ergoterapeut, brukarrepresentant, sosionom og urosjukepleier. Med atterhald om endringar i innhaldet.
Praktiske opplysningar
Tilbodet går over to vekedagar og er gruppebasert med inntil ca. ti personar.
Bevertning: 100kr for begge dagar. Du får lunsj, kaffe, frukt og kursmateriell.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her