Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eitt steg nærare nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal

I dag kl.12.00 gjekk fristen ut for å levere tilbod om å bygge akuttsjukehuset på Hjelset. Prosjektet vil no bruke sommaren til å evaluere dei innkomne tilboda

Publisert 14.05.2021
Nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset

- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge og vi er derfor godt fornøyd med at solide og erfarne entreprenørar ønskjer å bygge akuttsjukehuset på Hjelset, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal.

Evaluering av tilboda

Konkurransen om å bygge akuttsjukehuset på Hjelset er ein totalentreprise med samhandling og har ei budsjettramme på ca. 2,1 milliardar kroner. Av konkurransemessige omsyn går ein ikkje ut med talet på innkomne tilbod. Som ein del av evalueringsprosessen av tilboda, vil ein i august gjennomføre intervju og eventuelle forhandlingar med entreprenørane. Deretter er planen å inngå kontrakt med innstilt entreprenør i september/oktober i år.

- Vår jobb er å sikre at innbyggarane i Nordmøre og Romsdal får eit framtidsretta og godt sjukehustilbod. Går alt etter planen så er vi i gang med samhandlingsfasen og den vidare utviklinga av akuttsjukehuset i løpet av hausten, seier Heimdal.

Byggestart i 2020

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) vil i tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor den økonomiske ramma som er vedteke i forprosjektet.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt hausten 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. halvår 2024.

Les meir om prosjektet