Forslag til vidare organisasjonsutvikling HMR
I mars blei det bestemt at helseføretaket skal ha ein tverrgåande klinikkstruktur, og i mai hadde den nye leiargruppa i HMR sitt første møte. No er forslag på korleis HMR skal organisere seg på avdeling- og seksjonsnivå lagt ut på høyring.
Onsdag 18. august godkjende styringsgruppa for OU-prosjektet, som består av leiargruppa og representantar frå tillitsvalde og verneteneste, forslaga som blir lagt ut på intern høyring. Svarfrist er den 15. september.
– Vi veit at dette er tema som engasjerer organisasjonen, og eg ser fram til å lese høyringssvara som kjem inn, seier adm. dir. Espen Remme.
Når det gjeld vurderinga av grensesnitt mellom dei nye klinikkane, så konkluderer styringsgruppa att hovudmodellen som blei beslutta i mars med inndelinga i tverrgåande klinikkane ligg fast. Men tidsløpet for kirurgisk klinikk og akuttklinikken kan bli noko justert.
– Kompleksiteten og omfanget på endringane er størst i desse klinikkane, og vi har bedt klinikkleiinga om innspel om behov og argumentasjon for justert framdriftsplan slik at vi sikrer ei god gjennomføring. Det kan bli aktuelt å gi noko meir tid grunna kompleksitet, seier Remme men understreker at det ikkje vil vere ei vesentleg utsetting i tid.
Les høyringsrapporten her
Les også: Forslag til overordna organisering HMR
Tema for høyringa omhandlar i hovudsak:
- Forslag til prinsipp for organisering på nivå 3 og 4. OU-prosjektet har prøvd å avgrense tal prinsipp til eit minimum. Prinsippa går på einheitleg leiing, fire formelle leiarnivå, stadleg organiserte seksjonar, forslag til nedre grense for seksjonsstørrelse, tal seksjonar i ei avdeling, understøtting av pasientforløp og organisering av stab.
- Forslag til organisering på nivå 3 og 4. Forslag som leggast fram omhandlar følgjande:
- Samle medisinske støttefunksjonar som ikkje inngår i tverrfaglege team i ei felles eining
- Flytte medisinsk teknisk avdeling frå drift og eigedom til fagavdelinga
- Flytte pasientadministrative tenester frå dokumentasjonssenteret i drift og eigedom til klinikkane
- Flytte arkivtjenesta og postmottak frå sekretariatet til drift og eigedom
- Flytte pasientreiser frå stab (samhandlingsavdelinga) til akuttklinikken
- Samle og systematisere prosjektstyring som fagområde
- Utvikle organisasjonsutvikling som ny funksjon i stab
- Utvikle verksemdsstyring som ny funksjon i stab
- Forslag til namn på klinikkar og stabsavdelingar
- Prinsipp for organisering av råd og utval: Forslag til kva råd og utval som bør ligge i klinikkane
- Driftskonsept for stadleg leiing: Forslag om fire tiltak som skal utfylle kvarandre i ei heilskapleg løysing, men som må inngå i ein utviklingsprosess.
Kvifor organisasjonsutvikling i HMR?
Organisasjonsutvikling har vore på dagsorden sidan fusjonen i 2011, men arbeidet har blitt utsett fleire gonger på grunn av høg aktivitet og andre prioriterte prosjekt. Etter ei intern evaluering hausten 2015 blei det oppretta eit eige OU-prosjekt. OU-arbeidet har som føremål å utvikle organisasjon og leiing for å gjere helseføretaket betre i stand til å innfri forventingane om ei best mogleg spesialisthelseteneste.