Grunnlag for eit godt sjukehus i Nordmøre og Romsdal

Konseptrapporten som blir offentleggjort i dag viser at det er utarbeidd eit solid og godt innhald for framtidas Sjukehus i Nordmøre og Romsdal. Det nye akuttsjukehuset på Hjelset og tilbodet som er utvikla i Kristiansund (SNR), vil sikre innbyggjarane eit godt spesialisthelsetenestetilbod.

 

Adm.dir i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, med konseptrapporten for SNR. - Rapporten som er sendt over til styret i Helse Møre og Romsdal inneheld grundige utgreiingar for eit nytt sjukehus som vil bidra til betre pasienttryggleik, betre kvalitet på tenestene, auka opningstid og kortare ventetid for pasientane våre, seier  adm. dir. i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme.

Les konseptrapporten her (pdf)

Les delutgreiingane her

Innhaldet i rapporten

Målet for konseptfasen er å utvikle eit fagleg godt grunnlag som gir tilstrekkeleg sikkerheit for val av det alternativet som best oppfyller prosjektet sine målsettingar.

  • Alternativ 1: Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde kommune med eit godt poliklinisk tilbod/distriktsmedisinsk senter (DMS) i Kristiansund.
  • Alternativ 1 skal utgreiast med to (2) ulike verksemdsalternativ for innhaldet i spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund.
  • Basert på dei to verksemdsmodellane i vedtakspunkt 2, skal det gjerast ei vurdering av løysinga plassert både i dagens Kristiansund sjukehus og i nye lokale.


Skisser, alternativ i konseptfasen 

Rapporten viser små forskjellar mellom alternativa som er utgreidd både når det gjeld den kliniske verksemda og moglegheitene for å nå dei overordna målsettingane. Dei økonomiske analysane viser også små forskjellar mellom alternativa.  

- Alle alternativa som er utgreidd vil sikre eit godt spesialisthelsetenestetilbod til befolkninga.  På noverande tidspunkt er det derfor ope kva alternativ vi bør velje, seier Remme.


Økonomisk bereevne

Utgreiingar i konseptfasen viser at Helse Møre og Romsdal HF og Helse Midt-Norge RHF har likviditet og driftsøkonomi til å realisere prosjektet som skal realiserast innanfor ei kostnadsramme på 4,3 mrd. kroner.

- Prosjektet har førsteprioritet i Helse Midt-Norge og vilja er stor for å få realisert prosjektet. I Helse Møre og Romsdal må vi vise at vi klarer å arbeide med kontinuerleg omstilling og forbetring i føretaket uansett kva investeringar vi står overfor. Det skal vi greie mellom anna gjennom forbetringsarbeidet, organisasjonsutvikling og over 80 forbetringsprosjekt som er starta opp, seier Remme.

Tilbodet i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir eit moderne akuttsjukehus med dei mest sentrale lokalsjukehusfunksjonane.
Det vil seie akutt- og elektivt tilbod i indremedisin, kirurgi/ortopedi, gynekologi, barn og fødetilbod, psykisk helsevern og naudsynte medisinske støttefag.

Tabell, kapasitetsbehov SNR 

God medverknad

Sykehusbygg HF ved prosjektleiar Bjørn Remen har leia utgreiingsarbeidet i konseptfasen der over 150 tilsette i Helse Møre og Romsdal, brukarar og kommunar i Nordmøre og Romsdal har medverka i planlegginga.
- Eg vil rose alle som har bidrege i planlegginga. Vi har stor respekt for at det har vore krevjande for fleire å bidra i prosjektet, men vil opplever at prosessen har vore konstruktiv og god, noko som har sikra eit godt grunnlag for det vidare arbeidet, seier prosjektdirektør Bjørn Remen.

Offentleg høyring

I etterkant av styrebehandlinga i HMR 31.august sender føretaket  rapporten ut på høyring slik at alle som ønskjer det skal kunne gje tilbakemeldingar og innspel til arbeidet. Høyringsfristen er 14.oktober. 

Bakgrunn

Konseptfasen byggjer på Helse Møre og Romsdal sin utviklingsplan handsama i 2012, idéfasen behandla i 2014,  og føretaksmøte av 19.12.2014. Konseptfasen skal utgreie alternativa i detalj, der detaljeringsgraden skal vere på eit slikt nivå at ein kan velje eitt av alternativa, og dokumentere konsekvensane av valet. Det er vidare slik at utgreiingane skal vere likeverdige for alle alternativ og skal kunne vise korleis desse passar inn i investeringsrammene til Helse Møre og Romsdal, og vidare korleis investeringane påverkar føretaket si økonomiske bereevne.