Sakspapir til styremøte 25. november

Fredag 25. november er det styremøte i Helse Møre og Romsdal. Her er litt praktisk informasjon.

Frå eit tidlegare styremøte.

Vil du følge med på styremøtet på fredag, kan du følge streamingen som blir sendt via helseføretaket si heimeside. Lenka til streamingen blir lagt ut i god tid før styremøtet startar.

Den store saka på fredagens styremøte dreiar seg om konseptvalet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).

Her er sakspapira til styremøtet.

Førre veke la administrerande direktør, Espen Remme, fram si tilråding av konseptval for SNR, der han gjekk inn for å bygge eit nytt felles akuttsjukehus på Hjelset og ombygging av eksisterande sjukehus i Kristiansund med eit dagkirurgis tilbod.

Les også: Tilrår å bygge SNR med eit dagkirurgisk tilbod ved Kristiansund sjukehus.