Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandlingskonferansen 1. november: PÅ RETT VEG?

Samhandlingskonferansen er ein viktig fagleg arena der arbeidet med pasientforløp innan dei prioriterte fagområda blir presentert og diskutert.

Publisert 04.10.2016

Kompass med teksten "På rett veg?"

Godt fagleg samarbeid mellom kommunar og helseføretaket om gode behandlingsforløp og kompetanseutveksling er vesentlege faktorer for å lukkast med omstilling i helsesektoren.

Det har vore gjennomført  partssamansett arbeid på fleire fagområde for å styrke samhandlinga og heilheita i pasientbehandlinga. Formålet er å forbetre kvaliteten og pasientsikkerheita i behandlinga av pasientgrupper som mottek tenester frå begge tenestenivå.

Samhandlingskonferansa 2016 blir vurdert som ein viktig fagleg  arena der arbeidet med pasientforløp innafor dei prioriterte fagområda blir presentert og diskutert. Dei prioriterte fagområda i denne samanheng er rus og psykisk helse, den multisyke eldre og palliativ plan.

Hensikta er å synleggjer ei ønska og samstemt utvikling knytt til  strukturert oppfølging og oppgåvedeling innafor dei prioriterte fagområda.

Målgruppe

Fagsjefar, administrative leiarar og fagfolk i kliniske posisjonar i helseføretak og kommunane. Konferansen er godkjent med 6 valfrie kurspoeng til vidare- og etterutdanning for allmennmedisin.

Samhandlingskonferansen er lagt til Scandic Seilet i Molde. 
 
Meir informasjon, program og påmelding til samhandlingskonferansen 2016