Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styret si eigaevaluering

Styret i Helse Møre og Romsdal heldt i går eit internt styreseminar der dei gjennomførte ei evaluering av eige arbeid for 2015.

Publisert 27.10.2016

I samband med styreseminaret, som starta etter ordinært styremøte, oppstod det diskusjonar mellom styret og media om kvifor evalueringa vart trekt ut i eit styreseminar og ikkje tatt opp som sak i eit ope styremøte.

– I rettleiaren frå Helse- og omsorgsdepartementet står det at det skal gjennomførast ei årleg eigenevaluering av styra. Evalueringa skal vere eit internt forbetringsverktøy for styret, seier styreleiar Stein Kinserdal.

Målet med evalueringa er å få ei grundig og ærleg drøfting av styret si arbeidsform og korleis dei enkelte styremedlemmane fungerer kvar for seg og samla. Dette for å kunne gjere ei grundigare vurdering når nye styremedlem skal veljast.

– Sidan det ikkje er noko vedtak som skal gjerast i samband med eigenevalueringa, skal den heller ikkje vere ein del av eit styremøte. Departementet har vurdert at ein ikkje får ei grundig og ærleg drøfting dersom evalueringa blir gjort i eit ope møte. Ut i frå dette har styret i Helse Møre og Romsdal valt å gjennomføre evalueringa i eit lukka styreseminar, fortel Kinserdal.

Grunnlaget for evalueringa som vart gjennomført (pdf)
Rettleiar for styrearbeid frå HOD