Tvungen lønnsnemnd i sjukehusstreiken

Tirsdag 11. oktober greip regjeringa inn med tvungen lønnsnemnd i streiken som har vart i fem uker.

 

​Arbeids- og sosialministeren innkalte partane i sjukehusstreiken tirdag kveld. Der vart det varsla om at regjeringa grip inn med tvungen lønnsnemnd i streiken som no har vart i fem uker.

I Helse Møre og Romsdal vart 11 legar, inkludert fagdirektør, tatt ut i streik.

Fagområda som vart ramma var nevrologi, revmatologi, hud og medisin. Totalt har 292 polikliniske konsultasjonar ved avdelinga hud, nevrologi og revmatologi blitt utsatt i veke 40 og 41.

Helseføretaket arbeider no med å få avvikla dei utsatte timane. Dei som har fått beskjed om å møte til sin time denne veka (onsdag, torsdag og fredag) om streiken skulle bli avblåst, møter til sin opprinnelege time. Andre pasientar vil bli kontakta og innkalla så snart som mogleg.

Det kjem meir informasjon mot slutten av veka.

Les også: 11 legar tatt ut i streik