Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gler seg til framtida med Helseplattformen

Pasientar, tilsette i spesialisthelsetenesta og i kommunane ser fram til ein ny felles pasientjournal. Det fekk Helseplattformen erfare då dei besøkte Helse Møre og Romsdal med utstilling og foredrag denne veka.

Publisert 21.04.2017
Sist oppdatert 03.10.2017
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Ellen Anette Hegstad og Ivar Myrstad frå Helseplattformen

- Målet vårt med å reise ut med utstillinga og foredraga, er å fortelle kva Helseplattformen er og kva løysinga vil bety for brukarane. Både i Kristiansund og i Ålesund var det godt oppmøte og bra engasjement frå dei som deltok og det er vi særs glade for, seier prosjektleiar i Helseplattformen Ellen Anette Hegstad som besøkte fylket saman med ni kollegaer.

HMR tidleg ute

Innan få år vil alle pasientar og 40.000 tilsette i helsetenesta i Midt-Norge kunne ta i bruk Helseplattformen. Helse Møre og Romsdal vil vere eit av dei første føretaka som tek løysinga i bruk, noko som vil bidra til auka kvalitet på tenestene og betre pasienttryggleik.  Kommunar i fylket vil også kunne nytte Helseplattformen og fleire kommunetilsette nytta anledninga til å delta på arrangementet.

Brit Steinnes Krøvel deltok i Ålesund

Blant dei frammøtte var Brit Steinnes Krøvel som er leiar for utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal.

- Helseplattformen er framtida. Eg synast utstillinga var fin og innhaldsrik og foredraga var gode. I tillegg var det interessant for oss frå kommunane å få delta på eit eige møte om velferdsteknologi og medisinskteknisk utstyr, noko vi er særleg opptekne av, seier Krøvel.

Kva trur du Helseplattformen kan bidra til?
- Eg blei veldig positivt overraska da eg såg kor mangfoldig løysinga blir og kor mange område ho vil gjelde for. Vi får ikkje berre ein ny pasientjournal, men også mange andre tekniske løysingar som vil betre arbeidskvardagen for tilsette, auke kvaliteten på tenestene og pasienttryggleiken.

Kan dele meir informasjon

Ein felles pasientjournal vil gjere det enklare for alle som er involvert i pasientbehandlinga, uavhengig av nivå. Helseplattformen vil lette samhandlinga og samarbeidet mellom helsepersonell, slik at pasientane får ei enda betre oppfølging og behandling enn det dei får i dag. Gjennom den nye løysinga vil det bli mogleg å kvalitetssikre og dele meir informasjon, som til dømes individuelle planar og legemiddellister, seier Hegstad.

 

Ellen Anette Hegstad fortel om utstillinga
Ellen Anette Hegstad fortel om utstillinga

 

Berre ei teknisk løysing

Helseplattformen vil likevel ikkje vere til nytte utan gode førebuingar hjå dei som skal ta i bruk løysinga, noko som blei tydeleg presisert for alle frammøtte.

- Helseplattformen er berre eit verktøy og organisasjonane må sjølve ta tak i arbeidsprosessane sine og sjå på korleis dei samhandlar med andre slik at dei kan vere best mogleg førebudd når Helseplattformen kjem, seier Hegstad. 

 

En gruppe mennesker som står i et rom
Mange var innom utstillinga ved sjukehuset i Kristiansund

 

Vidare framdrift i prosjektet

Helseplattformen går no inn i ein viktig periode der dei skal finne den beste leverandøren blant dei fem som framleis konkurrerar om oppdraget. Val av leverandør vil vere klart innan 2019.

Sjå miniforedraga i opptak her:

Helseplattformen, kva er det og kva blir nytt for oss?
Korleis kan pasientlogistikken bli betre i framtidig løysing?
Medisinsk teknisk utstyr og velferdsteknologi - kva blir nytt i Helseplattformen?
Personvern og tryggleik i det nye systemet, skal pasienten og andre tilsette lese?

Helseplattformen. Kva er det og kva blir nytt for oss.pdf
Korleis kan pasientlogistikken bli betre i framtida.pdf

Medisinsk teknisk utstyr og velferdsteknologi.pdf

Personvern og tryggleik i det nye systemet.pdf