Har motteke to tilbod for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset
Betonmasthæhre AS og Skanska AS leverte begge tilbod innan fristen kl.12.00 11.mai.

– Vi er særs glad for å ha motteke tilbod frå to solide nasjonale entreprenørar som er innstilt på å vinne kontrakten. Utviklinga og bygginga av akuttsjukehuset har stor betyding for innbyggarane i Nordmøre og Romsdal og vi ønskjer å få med oss den beste entreprenøren på oppdraget, seier prosjektdirektør Helle Jensen.
Konkurranse med forhandling
Tilsette i SNR-prosjektet skal no gå gjennom og vurdere tilboda. Dei blir vurdert ut frå tildelingskriteria pris, oppgåveforståing og kompetanse hjå entreprenørane.
- Går alt etter planen så vil vi innstille ein vinnar 29.juni. Vi vil deretter inngå kontrakt og starte samhandlingsfasen og planlegginga fram mot byggestart i november 2018, seier Jensen.
Søker utbyggingssjef
Til å leie arbeidet med bygginga av akuttsjukehuset, søker Sykehusbygg etter ein utbyggingssjef som vil få ansvar for å følgje opp totalentreprenøren, irekna framdrift, økonomi, kvalitet og HMS.
- Dette er ei viktig og særs spannande og interessant stilling. Vi søkjer ein erfaren sivilingeniør eller ingeniør med erfaring frå gjennomføring av kompliserte byggeprosjekt, seier Jensen.
Les meir om stillinga her
Om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Akuttsjukehuset på Hjelset vil saman med det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund utgjere det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). SNR vil bli eit moderne og framtidsretta sjukehus som skal sikre innbyggarane betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetid. SNR skal stå klart i 2022.
Les meir om prosjektet her