Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strammar grepet

Etter to sommarmånader som har forverra økonomien i helseføretaket, gikk eit samla styremøte inn for ei tettare oppfølging framover.

Publisert 30.08.2017
Styremøte i Helse Møre og Romsdal, 30. august 2017

- Det er ikkje krise, og summane er handterlege, men styret ber direktøren om å intensivere gjennomføringa av tiltaka som skal gi kontroll på kostnader og bemanning, seier styreleiar Stein Kinserdal.

Styreleiaren  var tydeleg på at skal helseføretaket få noko effekt av tiltaka må utfordringa vere forankra i organisasjonen, og at leiarar og tilsette må erkjenne situasjonen ein står i.


- Budsjettet er ei endeleg ramme og ikkje eit forslag til drift, sa styreleiaren som vil ha ei handlingsplan med tilhøyrande tidsplan for aktiviteter slik at styret får jamleg tilbakemelding på milepelar framover.

Må få ned meirforbruket

Administrerande direktør Espen Remme la fram ein alvorleg bodskap, men med optimisme og tru på at organisasjonen skal klare saman.

Han fortalde at meirforbruket i hovudsak er på løn og varekostnader. Sjølv om sommaren er ein vanskeleg driftsperiode så er den generelle utviklinga er hovudproblemet.
- Saman med leiarskapet i organisasjonen ser eg med stort alvor på den negative økonomisk utviklinga. Vi er rigga for å handtere dette – men leiargrepet må strammast, sa direktøren som også fortalde om ei slitasje i leiarlinja når ein er i ein slik situasjon.

Helseføretaket har hatt ein vekst i netto månadsverk frå 2015 – 2017 på 146 tilsette og konsekvensen er eit overforbruk på lønn.
- Omrekna til lønskostnader så nærmar dette seg størrelsen på den negative årsprognosa på 123 millionar kroner. Noko av auken skuldast nasjonale og regionale prosjekt, men vi må stille oss spørsmålet er om det er blitt for enkelt å erstatte ein som går ut av ei stilling, seier Remme.

Direktøren understreka også at det vi snakkar om her ikkje er kutt, men eit meirforbruk ut over ramma vi har fått tildelt.
- Så lenge vi har eit overforbruk så bruker vi av investeringsmidlane våre for å betale ut lønn og det har konsekvensar for mellom anna utskifting av medisinsk teknisk utstyr og vedlikehald, seier Remme som også peika på investeringane ein står framfor.


-  Tidlegare i august kom det lovnad frå Regjeringa om midlar i statsbudsjettet til SNR og til utviklingstiltak til sjukehusa på Sunnmøre, men i lovnaden låg det også ein føresetnad om at vi kan vise at vi har orden i økonomien vår, avslutta Remme.

Sjå presentasjonen som blei vist i møtet.

Tiltak

Direktøren kalla i førre veke inn til hastemøte med leiarane ved sjukehusa for å diskutere kva som kan gjerast på kort sikt.


- Eg har bedt leiarane om å sjå kvar ein kan sette ned foten no, i dag. Kva vi kan gjere for å endre utviklinga. Det er ikkje så mykje som skal til viss vi delar dette på alle einginane. Tilbakemeldinga frå leiarane er også at vi må arbeide med dei langsiktige tiltaka, seier Remme.


På lengre sikt er det ifølge direktøren avgjerande å kome i forkant av utviklinga av føretaket, og at planlegginga framover må ta føretaksperspektivet.

Les også: Må ta fleire grep for å snu økonomien


– Vi må sjå fagmiljø, funksjonar og pasienttilbod samla for alle pasientar i Møre og Romsdal, og arbeide i klinikkane med definerte satsingsområde frå utviklingsplanen, som til dømes den akuttmedisinsk kjede, pasientstraumar og kapasitet, dagkirurgi, samhandling, ambulante tenester og byggutvikling. I dette ligg det også å sjå på kva som driv utviklinga og kva område som vi då må utvide og kva må vi prioritere ned, fortalde Remme til styret. 

Neste styremøte er den 27. september.


Vedtak i sak 2017-43 Statusrapport pr. juli 2017 – Kvalitet – Økonomi og aktivitet

1. Styret tek statusrapporteringa til vitande og ser alvorlig på utviklinga i det økonomiske bilete.
2. Styret ber adm.dir intensivere gjennomføringa av planlagde tiltak med sikte på kostnads- og bemanningskontroll.
3. Styret understreker viktigheita av å sikre forankring og erkjenning av
utfordringane i heile organisasjonen, spesielt i organisasjonens samla
leiarskap.
4. Styret ber om at det legges frem for styret en handlingsplan for å sikre
kostnads- og bemanningskontroll. Planen må innehalde tidsplan for
aktivitetar som skal gjennomføres for at utgangsfarta 2017 samsvarar med inngangsfart 2018. Styret ber adm.direktør om å rapportere på
gjennomføring av tiltak i henhold til tidsplanen.
5. Styret ber adm. dir om å risikovurdere budsjettarbeidet, samt rapporterings og oppfølgingsregimene på alle nivå i føretaket.
6. Styret ber adm.direktør søke HMN om auka driftskredittramme slik at ein kan sikre naudsynt likviditetstilførsel utover hausten 2017.