Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt styre i Helse Møre og Romsdal

Her er dei nye styremedlemmane.

Publisert 05.03.2018
Grafisk brukergrensesnitt

I føretaksmøte mellom Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal ble namna på dei nye eigaroppnemnde medlemmane kjend. 

Dei nye namna er:

  • Styreleiar Ingve Theodorsen
  • Toril Forbord
  • Bjarne Storset
  • May-Helen Molvær Grimstad
  • Nils Kvernmo

- Som region står Helse Midt-Norge overfor store oppgåver dei neste åra.  Styra i helseføretaka våre vil ha ein viktig funksjon i å følge opp drift og bidra til å utvikle tenestetilbodet innan spesialisthelsetenesta. Tunge investeringar i både bygg og teknologi vil gi oss nye moglegheiter og dette arbeidet vil involvere mange menneske. Difor er eg svært tilfreds med sammensetting og den kompetansen som er samla i dei nye styra. I tillegg har vi lagt vekt på geografisk breidde, at det skjer læring på tvers og at vi skapar gode føresetnadar for samarbeid, seier styreleiar Tina Steinsvik Sund i ei pressemelding frå Helse Midt-Norge.

Les også: Her er den nye styreleiaren i Helse Møre og Romsdal


Dei som går ut er:

  • Styreleiar Stein Kinserdal
  • Nestleiar Petter Bjørdal
  • Svein Anders Grimstad
  • Kirsti Slotsvik

Her er det nye styret:

  • Styreleiar Ingve Theodorsen
  • Torild Forbord, eigaroppnemnd
  • Bjarne Storset, eigaroppnemnd
  • May-Helen Molvær Grimstad, eigaroppnemnd
  • Nils Kvernmo, eigaroppnemnd
  • Anette Lekve, tilsettrepresentant
  • Jan Arve Antonsen, tilsettrepresentant
  • Mikal Gjellan, tilsettrepresentant


Første møte for det nye styret er fredag 16. mars.