Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Resultatatet frå den nasjonale pasienttryggleik- og arbeidsmiljøundersøkinga er klar

I løpet av fire veker i februar og mars har dei tilsette i Helse Møre og Romsdal gitt sine tilbakemeldingar på korleis dei opplever pasienttryggleiken og eige arbeidsmiljø.

Publisert 13.04.2018
Grafisk brukergrensesnitt

Undersøkinga ForBedring 2018 er den første av det som skal vere ei årleg undersøking i heile landet, inkludert Helse Møre og Romsdal.

Føremålet med undersøkinga er forbetring av arbeidsmiljø og pasienttryggleik, fordi både pasienter og medarbeidere skal vere trygge og sikre i helsetenesta. Undersøkinga har hatt ein svarprosent på 71 i Helse Møre og Romsdal.

Åtte tema

Tilsette har svart på 39 spørsmål innan åtte tema, og totalt får temaet «Klima for teamarbeid» best tilbakemelding medan ein gir lågast skår til temaet «Arbeidsforhold».

Av enkeltspørsmål er det to som skiller seg ut med positive tal. Det eine er spørsmålet «Arbeidsoppgåvene mine engasjerer meg» og det andre er «Her blir ingen utsett for seksuell trakassering». Begge desse har 91 av 100 oppnåelege poeng, og får høgst score av alle spørsmåla.

- Det er godt å sjå at dei tilsette vurderer m.a. arbeidsklima for teamarbeid så positivt i helseføretaket. Det ser vi på som ei god tilbakemelding i ein organisasjon som er avhengig av samarbeid innanfor eigne fagområde og på tvers av einingar, seier adm.dir. Espen Remme.

Korleis skal undersøkinga brukast?

Sjølv om helseføretaket har hatt undersøkingar på desse temaene jamnleg, meiner Remme at undersøkinga «ForBedring» vil forenkle og forbetre måten helseføretaket evaluerer arbeidet med pasienttryggleik og arbeidsmiljø framover.

- Framover våren vil vi gå nærare inn i resultata på alle nivå, og sjå kva område vi gjer ting rett og kvar vi må forbetre oss, seier Remme.

Rapporten skal bearbeidast på alle leiarnivå og i samarbeid med medarbeiarar og verneombod går vi inn i resultata. Forbetringstiltak blir utarbeidd skal og skal følgast opp internt.

Som ei støtte i arbeidet er det er sett opp kurs for leiarar, verneombod og tillitsvalde. Kursa gir kunnskap om korleis ein skal lese rapporten, tolke resultata, gjennomføre tilbakemeldingsmøte og følge opp forbetringsforslaga.

Les rapporten her.