Synfaring for leverandørar som vil bygge akuttsjukehuset på Hjelset
Torsdag 1.mars var det synfaring for dei to leverandørane som deltek vidare i konkurransen om å få bygge det nye akuttsjukehuset for befolkninga i Nordmøre og Romsdal. Skanska AS og BetonmastHæhre AS nytta anledninga til å få meir informasjon som dei vil bruke i sitt arbeid med utforminga av tilbod.
- Vi opplever eit sterkt engasjement frå begge leverandørane. Dei er solide nasjonale entreprenørar med erfaring frå komplekse prosjekt og dei er svoltne på å vinne oppdraget. Det er viktig for oss og vi gler oss til å få tilbod, seier prosjektdirektør Helle Jensen.
Tre blei til to
HENT AS var også prekvalifisert til oppdraget, men måtte trekke seg frå konkurransen da dei ikkje klarte å knyte til seg ein teknisk underentreprenør til oppdraget.
- Det er synd at HENT måtte trekke seg, men vi vurderer likevel at vi har en reel konkurranse mellom to sterke aktørar, seier Jensen
Frist for innlevering av tilbod
Etter ønskje frå entreprenørane er tilbodsfristen utvida. Ny frist er sett til 11. mai. Deretter vil prosjektorganisasjonen gjennomgå og vurdere tilboda og eventuelt forhandle med entreprenørane, før ein inngår kontrakt før sommaren 2018.
Fakta om oppdraget
Akuttsjukehuset på Hjelset vil bli på om lag 54. 500 m². I byggeprosjektet blir det lagt vekt på at finne gode robuste og fleksible løysingar med låge drift- og vedlikehaldskostnadar. Akuttsjukehuset på Hjelset skal gjennomførast som ein totalentreprise med samhandling og utvida samarbeidsplikt ved gjennomføringa