Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blir forska som aldri før

Forskingssjefen legg årleg fram Forskings- og innovasjonsmeldinga for styret i Helse Møre og Romsdal. Dette er den sjuande forskings- og innovasjonsmeldinga i rekka.

Publisert 11.06.2020
Sist oppdatert 18.08.2023
Forsking og innovasjon på dagsorden i styret i HMR

Forsking og innovasjon på dagsorden i styret i HMR


Forskings- og innovasjonsmeldinga gir eit oversyn over nøkkeltal for forsking og innovasjon. Den viser mellom anna antal disputasar,  klinikkvis fordeling av publikasjonar og gir eit oversyn over forskings- og innovasjonsaktiviteten innan ulike fagområde.

 -Meldinga som no ligg føre syner at det blir forska i føretaket som aldri før. Likeså ser vi ei gledeleg auke i tal innovasjonsprosjekt som er sett i gong, seier ho.   

I meldinga finn du som lesar fleire prosjekt som det er djupdukka i. Vi tek turen innom ortopedisk avdeling i Ålesund og temaet: Robotiserte knoklar. Sjølv om det ikkje er eige prosjekt på temaet hjartesvikt har vi valt å ta med ein artikkel om dette. Dette både for å stiumlere til kunnskapsspreiing og ikkje minst signalisere at det trengs meir forsking om temaet.  Tre legar frå Helse Møre og Romsdal er med i brystkreftgruppa som fekk Olav Vs kreftforskingspris i regi av Kreftforeningen for 2019. Du kan lese meir om dei dyktige bidragsytarane frå føretaket på s, 17. Ført i pennen av forskar, radiolog og avdelingsoverlege, Solveig Roth Hoff og medforfattarar og statistikar Tor-Åge Myklebust (HMR) og seksjonsleiar Solveig Hofvind ved Kreftregisteret, fekk artikkelen «Influence of Mammography Volume on Radiologists’ Performance: Results from Breast Screen Norway» stor merksemd i det prestisjetunge tidsskriftet Radiology. Du kan lese meir om dette på side 17.

 

Laste ned meldinga for 2019 her  

Tidlegare meldingar finn du her

https://helse-mr.no/fag-og-forsking/forsking-og-innovasjon/forsking-i-hmr/arsmeldingar-fiuk-seksjonen