Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt verktøy: Når ut til fleire med digitale pasientkurs

Interessa har vært stor etter at HMR for alvor starta opp med digitale kurs for pasientar og pårørande. – Eg trur det er fleire som har blitt kursa hittil i 2021 enn i heile 2020, fortel Toril Kvisvik ved Lærings- og meistringssenteret (LMS).

Publisert 09.04.2021
Sist oppdatert 01.02.2023
Spesialsjukepleiar Monika Tranvåg digital IBD-skule.
Spesialsjukepleiar Monika Tranvåg på digital IBD-skule.

Pandemistopp for fysiske kurs – alternativ planlegging
I fjor på denne tida var det stille på kursfronten i HMR, pandemien stengte ned Norge og satt ein stoppar for fysiske pasientkurs. Pasientane var i utgangspunktet skeptiske til digitale kurs – bare 1 av 10 ønska å delta på noko slikt, fyrste forsøk var eit Diabetes type 1-kurs. Verktøyet som då var tilgjengeleg, Skype, baud også på ein del problem for deltakarane; å laste ned, logge inn og få til lyd og bilde kunne vere utfordrande.

Lærings- og mestringssenteret måtte tenkje alternativt, og då Toril Kvisvik såg at LMS i Stavanger fekk til god opplæring også digitalt, måtte også HMR få det til. Ho tok kontakt med HMR sitt videoteam og med Vigdis A. Olsen med på laget gjekk dei i gang med planlegging av digitale kurs i eit nytt verktøy - Join frå Norsk helsenett. Join er enkelt i bruk både for kurshaldarar og deltakarar – det er ikkje nødvendig å laste ned noko program, deltakarane får bare ei lenke per e-post og deltar gjennom å følgje lenka.

IBD-skulen først ut
Monika Tranvåg (bildet) var ei av de første som testa Join, då ho mot slutten av 2020 haldt kurs for pasientar med IBD (kronisk inflammatorisk tarmsykdom). Responsen frå deltakarane var god, fortel Tranvåg, og legg til at dei fekk fine tilbakemeldingar på innhaldet i kurset. Det var også positivt å kunne ha med seg den ein ville av pårørande, at det ikkje var avgrensa til kun ein person, som ved fysisk skule.

-Denne typen kurs er viktige for pasienten si meistring, og utan digital løysing hadde vi ikkje klart å tilby IBD-skulen no, sa Tranvåg i november.

Ei utfordring kan vere å få til god dialog «gjennom skjermen» – for å løyse dette brukast no chat-funksjonen mykje, og kurshaldarane ser at dette er noko dei fleste får godt til. Det finst også ein funksjon for «grupperom» - deltakarane kan delast inn i små grupper og sendast inn i eigne rom i løpet av kurset. Saman med chat kan det opne for at deltakarane får gitt innspel på ein enkel måte.

Opplæring, personvern og teknisk støtte viktig
I planlegginga av IBD-skulen fekk Tranvåg god hjelp av Espen Ervik frå LMS og Vigdis A. Olsen frå videoteamet. Kvisvik fortel at LMS har satt ned eit kursteam beståande av Ervik frå Ålesund, Astrid Ljøkjell Solem frå Molde og ho sjølv som leiar teamet og held til i Kristiansund.

Teamet har arrangert tre rundar med internopplæring av kurshaldarar, og opplæringa har nådd minst 80 tilsette i HMR. Teknisk opplæring i verktøyet er nødvendig, men kanskje vel så  viktig er det å trygge dei tilsette på at personvern vert ivaretatt og at LMS hele vegen er tilgjengelege for å støtte.

- Det er alltid ein person frå kursteamet i LMS som er med på kursa, og det vil vi fortsette med så lenge kurshaldarar ser behov for det, forklarer Kvisvik.

Brukarrepresentantar har også jobba tett saman med LMS i utviklinga av kursa. Kvisvik forsikrar om at dei skal vere med på vegen vidare også; - Brukarrepresentantane kjenner behovet til pasientgruppene godt, noko som er avgjerande å ha med seg i planlegginga.

Sterk auke i kurstilbodet - imponert over kurshaldarane

Teamleiar Toril Kvisvik

Teamleiar Toril Kvisvik

Kvisvik (bildet) innrømmer at det ikkje bare var pasientane som var litt skeptiske til digitale kurs, helsepersonell var også i tvil om de kunne få til kurs av god kvalitet digitalt. Til og med LMS sjølv måtte få nokre forsikringar på at dette var vegen å gå – her var Olsen frå videoteamet ein viktig faktor for at dei bestemte seg for å satse. Heldigvis viste det seg fort at med gode førebuingar og riktige verktøy så strøyma deltakarane på – og kurshaldarane har gjort ein kjempejobb.

-Eg er imponert over alle fagfolka som har gått inn i dette med ei sporty innstilling og kasta seg rundt for å få dette til på best mulig måte!

I 2021 har det verkeleg losna, og i kalenderen dei tre første månadane av 2021 finn vi kurs og skular på vidt ulike fagfelt som autisme, diabetes, epilepsi, brystkreft, hjarte, kols, osteoporose og medikamentfritt behandlingstilbod.

– Eg trur det er fleire pasientar og pårørande som har blitt kursa hittil i 2021 enn i hele 2020, fortel ei gledeleg overraska Kvisvik.


Digitale kurs post-pandemi?
Kvisvik ser ikkje for seg at digitale kurs skal erstatte fysiske kurs, men heller være et tillegg der det kan være nyttig og av god verdi. I fleire tilfelle kan ein ha nytte av ei hybridløysing – til dømes ved å arrangere eit digitalt kurs følgd av ei fysisk samling seinare. Eit digitalt kurs i regi av spesialist-helsetenesta med påfølgande fysisk oppfølging i kommuna kan også vere en variant. Vi har i alle fall sett at det finst mange moglegheiter, avsluttar Kvisvik.

Ønsker du å sette opp kurs for di pasientgruppe?

 

Digitale møterom også for sensitive samtalar

Join kan også brukast for enklare samarbeid til dømes mellom sjukehustilsette og fastlegar, legevakt, kommunalt tilsette med fleire. Då brukar ein digitale møterom som er klarert for sensitive samtaler – desse møteromma kan reserverast på kort varsel.

Her kan ulike fagfelt få oppretta særskilte rom for eiga bruk.

Andre spørsmål om det utadvente sjukehuset?