Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ber om auka lån til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag å be Helse Midt-Norge om ei utvida låneramme for SNR-prosjektet. Behovet for auka lån skuldast kompensasjon for prisstiging knytt til HMR si investeringsramme og ikkje overskridingar i prosjektet.

Publisert 20.09.2022
SNR Hjelset under bygging. Foto: HENT AS


- Dette er ein heilt ekstraordinær situasjon og difor vil styret be om å få utvida HMR si ramme (priskorrigert P-70) til 6,530 mrd. 2022-kroner for å sikre at helseføretaket si berekraft blir oppretthald, seier leiar av styret, Ingve Theodorsen og viser til pågåande arbeid med naudsynte investeringar og oppgradering av gamal bygningsmasse i HMR. 

Omvisning på byggeplassen

Prosjektsjef Ketil Gaupset orienterer under ei omvising på byggeplassen i april. Med rød hjelm frå venstre: Odd Inge Mjøen, styreleiar i HMN, Ingve Theodorsen, styreleiar i HMR og Stig Slørdahl, adm.direktør i HMR


Ekstraordinær marknadssituasjon
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er eit av fleire pågåande byggeprosjekt i Norge som merker store konsekvensar som følgje av krigen i Ukraina, pandemien og ei auke i energiprisar. Høg vekst i SSB sin byggekostnadsindeks gjer at differansen mellom investeringsramme og finansieringsramma aukar. 

Alle byggekontraktar for SNR Hjelset er landa og byggeprosjektet følgjer framdriftsplana. Oppdatert prognose for prosjektet er 6, 431 mrd. kroner, noko som framleis er innafor HMR si investeringsramme, korrigert med SSB sin byggindeks.

Lånet frå Helse Midt-Norge til SNR-prosjektet blir hovudsakeleg justert etter den generelle pris- og lønsveksten i statsbudsjettet, medan investeringsramma for SNR-prosjektet blir korrigert etter SSB sin byggindeks for å oppretthalde uendra kjøpekraft. Differansen mellom desse to priskorrigeringane har auka unormalt mykje som følgje av hendingar som ligg utanfor SNR-prosjektet sin påverknadsmoglegheit. Ved utgangen av august 2022 er differansen på om lag 500 millionar kroner og avviket vil truleg auke i løpet av hausten. 

Ramma som Styret i HMR no vil be om på 6,530 mrd. kroner er eksklusive GassROR-gåva på 70 mill. kroner, men inklusive eigenkapital generert frå sal av eigedommar på 225 mill. kroner. Styret ber difor om ny låneramme på 6, 305 mrd. kroner (desember 2022-kroner)