Personvernerklæring for helse-mr.no
Personvererklæringa for Helse Møre og Romsdal sine nettsider handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på helse-mr.no.
Personvern på nettsidene våre
Når du besøker helse-mr.no og nettsidene våre samlar vi inn nokre opplysningar. Desse opplysningane kan ikkje identifisere deg som enkeltperson. Du kan òg sende opplysningar til oss, og du bestemmer sjølv kva opplysningar vi skal motta. Under kan du lese meir om dette.
Opplysningar vi samlar inn
Når du besøker helse-mr.no samlar vi inn besøksstatistikk og søkeord. Alle nettsidene våre bruker informasjonskapslar (cookies). Ingen av desse opplysningane kan identifisere deg som enkeltperson.
Viss du speler av ein video, kan det bli samla inn opplysningar om deg. Les meir om dette under.
Opplysingar du sender til oss
Du kan sende oss tilbakemelding på nettsidene eller sende oss ein e-post. Ver vennleg å ikkje sende sensitive personopplysingar. Spørsmål om di behandling må du ta med fastlegen din eller behandlaren din på sjukehuset.
Lenker til andre nettstader
På helse-mr.no har vi lenker til andre nettstader. Personvernerklæringa for helse-mr.no gjeld ikkje for andre nettstader/nettsider eller andre eksterne løysingar. Når du besøker andre nettstader bør du derfor lese personvernerklæringa som gjeld på desse nettstadane.
Ansvar
Helse Møre og Romsdal samlar inn personopplysingar til ei rekke forskjellige formål som ledd i pasientbehandling, dagleg drift og oppgåveløysing elles i sjukehuset.
Les personvernerklæringa som skildrar korleis Helse Møre og Romsdal behandlar og beskyttar personopplysingane.
Personvernombod
Personvernombodet skal sikre personverninteressene til alle som får personopplysingane sine registrert i Helse Møre og Romsdal. Sjølv om personvernombodet er tilsett i Helse Møre og Romsdal, har det ei uavhengig stilling i sitt arbeid som ombod.
Sist oppdatert 13.06.2022