Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Personvernombod

Personvernombodet skal ivareta personverninteressene til alle som får personopplysningar registrert i Helse Møre og Romsdal HF (HMR). Sjølv om personvernombodet er tilsett i HMR, har ombodet ei uavhengig stilling i arbeidet som ombod.

​Kontaktinformasjon   

Personvernombudet, Helse Møre og Romsdal HF,  6026 Ålesund
Dersom du ikkje skal sende opplysningar som medfører teieplikt,  kan du sende e-post til personvernombodet personvernombud@helse-mr.no.

Personvernombodet i Helse Møre og Romsdal

Jan Rino Austdal;
e-post: jan.rino.austdal@helse-mr.no.

Personvernrådgivarar for forsking

Lennart Johansson, regional ressurs, helseforetaka i Helse Midt-Norge
e-post: lennart.johansson@helse-nordtrondelag.no​

Tone S. Fuglset, HMR 
e-post: Tone.Seim.Fuglset@helse-mr.no​

Therese M. Istad, HMR
e-post: therese.istad@helse-mr.no 

​Oppgåver for personvernombodet

Personvernombodet sine hovudoppgåver er å informere og gi råd om dei pliktene helseføretaket har etter personvernlovgivinga, og informasjon til dei tilsette som utfører behandling av personopplysningar.

Personvernombodet skal dessutan:

  • Kontrollere at personvernregelverket blir følgt opp
  • Gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA)
  • Samarbeide med Datatilsynet og fungere som et kontaktpunkt for tilsynet 
  • Prioritere innsats der personvernrisikoen er høgast
  • Bidra til å få oversikt over kva personopplysningar som blir behandlar føretaket.
Sist oppdatert 22.04.2025