Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rusavhengigheit poliklinisk behandling

Poliklinisk behandling inneber utgreiing, vurdering og behandling av avhengigheit til rusmidler, legemideler og spel, utan innlegging. Her kan du få individuelle samtalar og gruppebehandling. Vi ønskjer at du som har behov for poliklinisk tilbod, skal få dette så nær heimstaden din som mogeleg, og i tett samarbeid med kommunen du bur i. Tilbodet er for alle over 18 år som har ein avhengigheit, vi har også eige tilbud til pårørande.

Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har poliklinikk i Molde og Ålesund. Poliklinisk behandling er basis for all anna behandling innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). 

Treng du behandling av avhengigheit til rusmidler, legemiddel og spel, eller er du pårørande til ein med avhengigheitsproblematikk og ønsker behandling? Då må du ta kontakt med fastlegen din eller ruskonsulent i kommuna di slik at det blir sendt ei tilvising til oss. Du kan bli kontakta for samtale før vi avgjer kva type behandling du skal få. Om du får tilbod om poliklinisk behandling vil dette seie at du kjem til timesamtale og dreg heim etter denne samtalen. Du vil få timeinnkalling pr. telefon eller sms og post.

Dersom du er innlagt i ein annan rusinstitusjon og ønsker samtalebehandling når du kjem heim, kan institusjonen du er innlagt i sende tilvising til poliklinisk behandling.

Tilvising og vurdering


  • ​Kommune/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta




Dersom du har behov for behandling, skal tilvising sendast til vår vurderingsinstans TSB Helse Møre og Romsdal:

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Det er eit tverrfagleg team som gjer ei vurdering ut frå tilvisinga. I vurderinga skal det kome fram kva type behandling du har rett på (poliklinikk og/eller dag-/døgnbehandling), og kva behandlingsstad som vert rekna som best for deg. Innan ti verkedagar etter at vi har motteke tilvisinga, skal du få informasjon om du har rett til nødvendig helsehjelp.

Vurderinga kan ha to utfall

    1.  Ja, du får tilbod om behandling med bindande frist og tidspunkt for når utgreiing eller behandling skal starte. Du vil få eit brev der det vil kome fram når vi kan gi deg eit behandlingstilbod, og korleis gangen vidare er lagt opp for deg. 
    2. Avslag, som betyr at det er nok med behandling/oppfølging i kommunen eller annan instans. I svarbrevet skal det kome fram at det er høve til å klage og korleis du kan gå fram.


Unntak:

  • Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering for opiatavhengige skal vere laga i samarbeid mellom pasienten, kommunal oppfølgingstjeneste og fastlegen og skal sendast på eiga tilvisning, sjå under Tilvisning til legemiddelasistert rehabilitering (LAR).
  • Dersom situasjonen er akutt kan lege kontakte avrusingen for vurdering av eventuell rusakutt innleggelse. Er situasjonen livstruande, kontakt sjukehus på tlf. 113.
  • For behandling utan eige samtykke (tvang) fremjar kommunal oppfølgingstjeneste sak til Barneverns- og helsenemnda.
  • Dersom du allerede har rett til nødvendig helsehjelp knytt til døgnbehandling, kan kriminalomsorga innvilge § 12-soning.    ​



Innhald i tilvising


​Tilvising av pasientar som er opiatavhengige, bør utarbeidast i samarbeid mellom pasienten, kommunal oppfølgingsteneste og fastlegen. Det skal fyllast ut eit eige skjema som skal sendast til: 

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Tilvisingsskjema LAR

Har du spørsmål om LAR, kan du ringje telefon 70 17 13 62.





​Tilvisinga bør innehalda ein kortfatta status som inkluderer:


Aktuel​​t

  • ​​Kva ønskjer pasienten hjelp til? Det er ønskjeleg at brukaren sjølv skriv ned ønska sine og kva det ønskes hjelp til. Brukaren bør ved behov få tilbod om hjelp til skriftliggjøring.
  • Pasientens ønskjer om type behandling i TSB og kvar behandlinga bør finna stad.
  • Ressursane til pasienten
  • Rusmiddelbruk og/eller annan avhengnadsproblematikk (speleproblematikk, bruk av anabole androgene steroid)
  • Har pasienten individuell plan (IP), koordinator og ansvarsgruppe?
  • Tidlegare og noverande behandlings- og oppfølgingstiltak
  • Somatisk helse (inkludert tannhelse) og levevanar. Viss mogleg blir det lagt ved eit skriv frå fastlegen.
  • Psykisk helse. Vurdering av overdoserisiko og risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord.
  • Samarbeidspartnarar og andre hjelpeinstansar (inkludert statleg NAV) som pasienten er i kontakt med.
  • Vurder behov for avrusing

Familie/​sosialt

  • ​​​​Familieforhold, spesielt fokus på det mindreårige barnet til pasienten og/eller søsken
  • Sosiale forhold inkludert bustadforhold
  • Interesser og nære støttepersonar
  • Arbeid/utdanning (under dette sjukmelding), økonomi og nettverk.
  • Har pasienten førarkort? sjå Førerkortveilederen.

And​re forhold

  • ​Legemidler i bruk og relevant tidlegare legemiddelbruk
  • Informasjon om allergiar (inkludert legemiddelallergiar)
  • Kartleggja om pasienten har historie med vald og truslar (utsett for og/eller utøvd)
  • Spesielle omsyn (behov for tolk, oppmøtestad, tilrettelegging, ønskja om kjønnsdelt behandling m.m.)
  • Spesielle omsyn knytte til språklege eller kulturelle forskjellar, eventuell status migrasjonsbakgrunn
  • ​​Har pasient individuell plan (IP)?


Moglege somatiske årsaker til tilstanden bør vera vurdert, inkluderte blodprøver der det er aktuelt (nødvendig somatisk diagnostikk vil sluttførast i spesialisthelsetenesta dersom pasienten blir vurdert å ha rett til helsehjelp). Det bør komma tydeleg fram kva som er grunngivinga for tilvisinga. Ved behov for særleg tilrettelegging, må dette komma fram i tilvisinga.​




Før

Når du kjem til poliklinikken får du ein behandlar som skal følgje deg i løpet vidare. I lag med deg finn vi ut av kva du treng hjelp til, slik at du får ei behandling som er tilpassa deg og dine behov. Behova dine blir skrivne ned i ein behandlingsplan.

I startfasa vil hovudfokuset vere å etablere ein god relasjon og å engasjere deg i din eigen endringsprosess. Undervegs vil vi nytte eit breitt spekter av verktøy som ledd i kartlegging og utgreiinga. Dette gjer vi for å klarleggje omfang og alvorlegheit av avhengigheita samtidig som vi undersøker og vurderer førekomst av psykiske og fysiske plagar eller lidingar. 

Kor lang tid dette tek er individuelt.




 

Under

Når du får individuell behandling, har du samtalar med din faste behandlar. I dei første samtaletimane legg vi vekt på å bli kjent med deg og kartlegg kva utfordringar du har. I behandlinga bruker vi tilbakemeldingsskjemaet NORSE, slik at du kan gi fortløpande tilbakemelding på opplevd kvalitet i behandlinga og vi kan kan tilrettelegge behandlinga etter dette. 

 


Tema i samtalane vil variere ut frå dine behov. Viktige tema er korleis du meistrar kvardagen opp imot din avhegigheit, og korleis du har det i forhold til deg sjølv. I samtalane vil du utvikle større forståing på kva som er risikosituasjonar og lære deg nye måtar å handtere slike risikosituasjonar knytt til åtferd, tankar og handlingar.

Av og til vil det vere nødvendig med nærare undersøkingar i forhold til rusbruk, somatisk og psykisk helse. Då vil du få tilbod om å snakke med ein psykolog eller lege som vil hjelpe deg med dette.

Målgruppa er personar med avhengigheit som skal avslutte døgnbehandling og som treng meir behandling i den sårbare overgangen til heimen, eller personar som går i eit poliklinisk forløp og har behov for meir intensiv behandling enn polikliniske samtalar åleine. For å kunne gå i dagbehandling må du bu i grei reiseavstand frå oss, og ha stabil rusmeistring. Dersom du får LAR-behandling må du vere godt stabilisert på LAR-medisinane.

Dagbehandlinga er to til tre dagar i veka

Les meir om dagbehandling, Molde behandlingssenter (pdf)

Les meir om dagbehandling, Ålesund behandlingssenter 

Dersom du har gjennomført døgnbehandling i institusjon eller gått i dagbehandling, kan du få vidare oppfølging i ettervernsgruppe hos oss. Du må ha stabil rusmeistring og klare å følge opp avtalar for å kunne gå i denne gruppa. I denne gruppa kan du ta opp utfordringar du møter i kvardagen, og høyre andre sine tankar og erfaringar rundt dette. Felleskapet som oppstår i gruppa kan gi styrke til å meistre livet uten avhengigheit.

Dersom du har ein alvorleg avhengigheit av opiater kan det vere at LAR er rett behandling for deg. LAR er legemiddelassistert rehabilitering. Det vil seie at du i tillegg til samtalebehandling får medisin som skal ta vekk russug av opiater. LAR-medikamentet tek ikkje vekk russug av benzodiazepiner eller andre typar rusmiddel.

For å få LAR behandling må du i samråd med fastlegen din og ruskonsulent sende ei tilvising. I tilvisinga skal det framkome dokumentasjon på din avhengigheit av opiater. Dersom du får rett til helsehjelp med LAR, tar ein behandlar frå oss kontakt med deg. Saman med deg, behandlar, fastlegen og ruskonsulenten avtalar vi eit møte for oppstart.

Om målsettinga er å bli rusfri ønsker vi at du startar LAR behandlinga når du er innlagt i døgnseksjon for avrusing.

Om du ikkje klarer å slutte med alle rusmiddel for å begynne i LAR kan du velje skadereduksjon som målsetning. Vi samarbeider med apotek eller nokon i kommuna di om utdeling av medisinen. Om du vel skadereduksjon som målsetting er det daglege henteordningar og du får ikkje ta med deg medikament heim.

Vi ønsker å samarbeide tett med deg når du er i LAR behandlinga. Det er vanleg å ha ei ansvarsgruppe som har regelmessige møte etter behov. I desse møta bruker vi ein individuell plan der behandlingsmåla dine blir skrivne ned og alle i ansvarsgruppa har ulike oppgåver for å hjelpe deg. Saman lager vi ein plan for samtalar som for eksempel kva vi skal snakke om, når skal vi møtast og kvar vi skal møtast. Behandlaren din kan og tilvise deg til andre behandlingstilbod om du ønsker det.

Dersom du skal sone ein dom i Hustad- eller Ålesund fengsel og slit med rusavhengigheit, kan du søke om å få plass på rusmeistringstiltaket. Vi har erfarne fagfolk frå Helse Møre og Romsdal som kjem til fengselet. Tilbodet ved Ålesund fengsel er gruppebasert, mens i Hustad får du også tilbod om individuelle samtalar.

Poliklinikkane ved Molde og Ålesund behandlingssenter gir og tilbod til dei som er speleavhengig eller har ein som er speleavhengig i nær familie. 



Om du er pårørande til nokon som er rusavhengig kan du få eit behandlingstilbod. Du må ha tilvising frå fastlege.  Du som pårørande kan få både individuelle samtalar og tilbod om å vere med i gruppe saman med andre pårørande. Den rusavhengige treng ikkje å vere pasient hos oss for at du skal nytte dette tilbodet. Det same gjeld sjølv om den rusavhengige ikke opplev å ha eit problem. Du kan bli tilvist av fastlegen din, bedriftshelseteneste eller Nav. Ved oppstart får du ein behandlar som du møter til samtale ein gong i veka, eller så ofte som de avtaler.

Les mer om pårørandetilbodet ved Molde behandlingssenter (pdf)

Les meir om pårørandetilbodet ved Ålesund behandlingssenter (pdf)

Far, mor og barn hand i hand

 

 

Betre samhandling med Rusbehandling nasjonalt pasientforløp (TSB)

Les om korleis behandlingstilbodet blir sydd saman for å gi deg eit heilskapleg tilbod. 

Rusbehandling nasjonalt pasientforløp (TSB)
Sette sammen flire delar til eit heilt forløp

Etter

Når du skal avslutte behandlinga hos oss planlegg vi saman med deg kva du treng av eventuell anna oppfølging. Nokre trenger oppfølging frå ruskonsulent eller helsetenester i kommunen, medan andre har nok med oppfølging frå fastlegen.

Om du har behov for meir behandling enn det vi kan tilby deg poliklinisk kan vi tilvise deg til døgnbehandling.

Kontakt

  • Kontakt Rusbehandling TSB poliklinikk Ålesund

    Oppmøtestad

    Resepsjonen ved poliklinikken.

    En bygning med parkeringsplass

    Ålesund behandlingssenter

    Ålesund behandlingssenter

    Vestmoa 27

    Transport

    Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau. 

    Parkering

    Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering. 

    Et skjermbilde av et videospill
    Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
    Dronebilde av ny veg ved Ålesund behandlingssenter

    Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen

    Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
    En vei med sykkelfelt

    Foto: Gro Kjoss Lynge

    Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.

     

    Praktisk informasjon

    Endre/avbestille time

    Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

  • Kontakt Rusbehandling TSB poliklinikk Molde

    Oppmøtestad

    Strandgata 1, Molde sentrum.
    Poliklinikken finn du i 2. etasje. Inngang på vestsida av bygget.

    Åpningstid: 08.00 - 15.30

    Inngangsparti poliklinikk TSB Molde

    Strandgata 1, Molde

    Strandgata 1

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Kurs

  • Dagbehandling - rus - Ålesund
    For deg med rusmiddelavhengighet, som er i et poliklinisk forløp med ønske om avhold frå rus, eller for deg som nylig har vore i døgnbehandling.
    Dagbehandling - rus - Ålesund
    Dato kjem
  • Livsmestringsgruppe rus - Ålesund
    For pasientar som har stått i rusproblematikk over lang tid, som ikkje har opplevd rusmeistring og som er i behandling ved poliklinikken
    Livsmestringsgruppe rus - Ålesund
    Dato kjem