Vi oppfordrar både privatpersonar og verksemder å bruke eDialog for å sende dokument til oss på ein rask og sikker måte. Forsendinga blir kryptert, slik at du kan sende konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt.
Slik logger du inn via eDialog
- Logg inn via eDialog ved å trykke på denne lenka: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/997005562
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
- Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende til oss
Du skal ikkje benytte eDialog dersom:
- Vi har eigne elektroniske skjema til formålet.
- Posten ikkje inneheld pasientretta eller sensitive opplysningar. Då kan du heller sende e-post til postmottak@helse-mr.no
Slik fyller du ut skjemaet
- Velg om du er privatperson/innbyggar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
- Obligatoriske felt er merka med raud stjerne.
- Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.
- Kommentar: Her gir du ei meir utfyllande skildring av sendinga di.
- Husk å laste opp relevante vedlegg i PDF-format.
- Klikk på "Send forsendelse" - Sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.
- Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).
Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format
For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".
No får du digital post fra oss!
Helse Møre og Romsdal har tatt i bruk eFormidling og sender no post digitalt til privatpersonar og verksemder. Privatpersonar vil få post frå oss i den digitale postkassa dei har valgt (Digipost eller e-Boks). Når post blir mottatt digitalt, vil du få varsel, anten via SMS, e-post eller i «appen». Dei som ikkje har ei digital postkasse, mottar breva via vanleg postgang. Husk at kvar enkelt brukar av Digipost må sjøv velge korleis dei vil bli varsla. Dette gjer du i innstillingane i Digipost.
Verksemder mottar post frå oss digitalt i Altinn, der alle verksemder har ein «innboks». Når post kjem via Altinn, blir det sendt eit varsel, anten via SMS eller e-post, til dei varslingspunkta verksemda sjølv har meldt inn.
Kvifor digital post?
Fordelane ved å få post digitalt er mange:
- Rask ekspedisjonstid – mottaker får posten med ein gong
- Mottaker har tilgang til posten overalt
- Det er sikrare fordi sendinga blir kryptert
- Det sparer miljøet ved mindre bruk av papir og mindre transport