Personvernombod
Personvernombodet skal ivareta personverninteressene til alle som får personopplysningar registrert i Helse Møre og Romsdal HF (HMR). Sjølv om personvernombodet er tilsett i HMR, har ombodet ei uavhengig stilling i arbeidet som ombod.
Kontaktinformasjon
Personvernombudet, Helse Møre og Romsdal HF, 6026 Ålesund
Dersom du ikkje skal sende opplysningar som medfører teieplikt, kan du sende e-post til personvernombodet postmottak@helse-mr.no
Personvernombodet i Helse Møre og Romsdal:
Jan Rino Austdal;
epost: jan.rino.austdal@helse-mr.no.
Personvernrådgjevarar for forsking:
Lennart Johansson, regional ressurs, Helseforetakene i Helse Midt-Norge
epost: lennart.johansson@helse-nordtrondelag.no
Tone S. Fuglset, HMR
epost: Tone.Seim.Fuglset@helse-mr.no
Therese M. Istad, HMR
epost: therese.istad@helse-mr.no
Oppgåver for personvernombodet
Personvernombodet sine hovudoppgåver er å informere og gi råd om dei pliktene helseføretaket har etter personvernlovgivinga, og informasjon til dei tilsette som utfører behandling av personopplysningar.
Personvernombodet skal dessutan:
- Kontrollere at personvernregelverket blir følgt opp
- Gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA)
- Samarbeide med Datatilsynet og fungere som et kontaktpunkt for tilsynet
- Prioritere innsats der personvernrisikoen er høgast
- Bidra til å få oversikt over kva personopplysningar som blir behandlar føretaket.